Occasional Rain er det andre studioalbumet til den amerikanske visesongaren Terry Callier, gjeve ut i 1972.

Det var det første av tre album Callier gav ut for Cadet Records i 1970-åra med produsenten Charles Stepney. Åtte år tidlegare hadde Callier spelte inn eit visealbum med coverlåtar, men det vart først gjeve ut i 1968 og selde dårleg, sidan visebølgja då hadde lagt seg. I mellom tida spelte Callier på kafear og små klubbar kring i landet, og skreiv songar for andre artistar. Han og partneren Larry Wade skreiv songar for Chess og etiketten deira Cadet, inkludert The Dells-hitten «The Love We Had Stays on My Mind» i 1972. Som følgje av dette fekk han sjølv platekontrakt med Cadet som visesongar.

Occasional Rain er spelt inn som ein suite, men er ikkje heilt eit konseptalbum heller. Mellom fleire av songane finst følgjer, små overgangar som alle heiter «Go Head On». Desse tonar inn og ut forskjellige stader på plata. Stepney sette saman eit band leia av den akustiske gitaren til Callier, med seg sjølv på cembalo og orgel, Leonard Pirani på piano, Sydney Simms på bass og Bob Crowder på trommer. I tillegg syng Minnie Ripperton, Kitty Haywood og Shirley Wahls korvokal.

Innhald

Medverkande Terry Callier - vokal, gitar Sydney Simms - bass Robert Crowder - trommer Charles Stepney - cembalo og orgel Leonardo Pirani - piano Kitty Haywood - korvokal Minnie Riperton - korvokal Shirley Wahls - korvokal

Teknisk Charles Stepney - produsent Gary Starr - lydteknikar Michael Mendel - kunstnarisk leiar, fotografi

Kjelder

Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Terry Callier-album Kategori:Cadet Records-album