Timepeace er det sjuande studioalbumet til den amerikanske musikaren Terry Callier, gjeve ut i 1998. Det var det første albumet hans på nesten tjue år. Han hadde gjeve ut fleire album i 1970-åra, men gav seg med musikken tidleg i 1980-åra då han fekk foreldreretten over dottera si. Han byrja då å studere informatikk og sosiologi ved University of Chicago, der han sidan vart tilsett.

Mot slutten av 1980-åra byrja britiske DJ-ar å oppdage og spele musikken hans. I 1990-åra vart Callier etter kvart henta over til Storbritannia på spele på klubbar der, noko han ofte gjorde i feriane sine.

I 1994 gav Urban Species ut det første albumet sitt, Listen, der tittelsporet sampla basslinja og gitarriffet frå Callier-songen «You Goin' Miss Your Candyman» frå 1973. Seint i 1990-åra byrja Callier på eit comeback i plateindustrien og samarbeidde med Urban Species på EP-plata deira Religion and Politics i 1997 og medverka på Beth Orton-EP-en Best Bit, før han gav ut Timepeace i 1998.

Albumet nådde 92. plassen på den britiske albumlista. Callier vann Dei sameinte nasjonane sin Time For Peace-pris for eineståande kunstnarisk medverknad til verdsfred med dette albumet.

Innhald

Medverkande Terry Callier - vokal, akustisk gitar Ernie Denov - gitar (spor 1) John McLean - gitar (spor 2, 13) John Moulder - gitar (spor 3, 6, 11-13) Dave Onderdonk - gitar (spor 4) Jim Mullen - gitar (spor 5, 7) Mike Kocour - piano, orgel (spor 1) Mark Edwards - orgel (spor 5), piano (spor 5, 7, 9) Eric Hochberg - bass (spor 1-3, 12-13), kontrabass (spor 4, 6) Dave Barnard - bass (spor 5, 7, 9) Morris Jennings - trommer (spor 1, 3, 12) Alfredo Alias - trommer (spor 2, 4, 6) Dave Trigwell - trommer (spor 5, 7, 9) Hank Guaglione - trommer (spor 11) Paul Wertigo - trommer (spor 13) Pennington McGee - perkusjon (spor 1-4, 11-13) Boscoe D'Olivera - perkusjon (spor 5, 7, 9) Gary Plummley - tenorsaksofon (spor 5), sopransaksofon (spor 7, 9) Larry Bowen - trompet (spor 11-13) Suzanne Palmer - korvokal (spor 3, 11-13) Toni Moore - korvokal (spor 3, 11-13) Veronica Cowper - korvokal (spor 5, 7, 9)

Teknisk Produsent: Brian Bacchus (spor: 2-7, 9, 11-13), Eric Hochberg (spor: 1, 13) Miksa og mastra av James Nichols Lydteknikarar: Craig Williams (spor: 1-4, 6, 8, 11-13), Michael Ade (spor: 5, 7, 9, 10) Assisterande lydteknikar: Natalie Heath (spor: 5, 7, 9, 10) Notat i plateomslaget: Johnny Chandler

Kjelder

Kategori:Musikkalbum frå 1998 Kategori:Terry Callier-album