Ten Man Mop or Mr. Reservoir Butler Rides Again er det tredje studioalbumet av Steeleye Span, spelt inn i september 1971. Det kom ut på det kortvarige selskapet Pegasus, og sidan på ny på Mooncrest same året. Det vart først gjeven ut i USA då Chrysalis Records kjøpte rettane til dei tre første albuma deira i 1975 og gav albuma ut på ny i både Storbritannia og USA.
Songar som «Four Nights Drunk», «Marrowbones» og «Wee Weaver» er i røynda rein folkemusikk. Det var det siste albumet med det opphavlege medlemmet Ashley Hutchings. Han slutta i bandet i november 1971, like etter albumet var ferdig innspelt, dels fordi han meinte albumet gjekk for langt mot irsk musikk og bort frå engelsk musikk. Bandet vurderte òg å turnere i Amerika, noko Hutchings var motvillig til.
Albumet byrjar med ei tilpassing av julesongen «Gower Wassail». «When I was on Horseback» er ein av dei få folkevisene som har eit alternativt liv som ein bluessong, stundom kjend som «Six White Horses». Det finst òg ein irsk variant av ein melodi inspirert av «Streets of Laredo» og «St. James Infirmary Blues». Den siste songen, «Skewball», har eit effektivt kontrapunkt mellom ein banjo og ein elektrisk gitar.
Albumet var kjend for å ha eit teksturert, dobbeltfalsa omslag i originalutgåva. Dette vart betalt for av bandet sjølv, men det kosta meir å trykkje omslaget enn albumet vart selt for, så bandet tapte pengar kvar gong albumet vart selt. Det kom slik på både Pegasus og Mooncrest, men ingen av dei nyare utgjevingane hadde dette omslaget.
Ein «mop» i tittelen er eit omgrep nytta i mellomalderen for ein jobbmarknad, der arbeidarar kunne kome for å sjå etter arbeid. Songen «Copshawholme Fair» på debutalbumet til bandet, handlar om ei slik marknad. Ideen var at bandet var arbeidslause og arbeidssøkjande.
Fotografiet på omslaget vart teken av John Benjamin Stone kring 1900. Det vart kalla «'Sippers' and 'Topers'», og er ein av to landsbybuarar ved Bidford Mop, ein årleg marknad i Michaelmas i landsbyen Bidford-on-Avon i Warwickshire.
Bonusspor Då Castle Music gav ut Ten Man Mop... på ny i 2006, kom det med mange bonusspor. På den første plata inkluderte desse «General Taylor» og tre versjonar av Buddy Holly-songen «Rave On!». På den andre plata var ei innspeling frå Radio One in Concert with John Peel frå 26. september 1971.
Innhald
mini|«'Sippers' and 'Topers'» av John Benjamin Stone, som brukt på plateomslaget.
Medverkande Maddy Prior - vokal, skeier, tabor Tim Hart - vokal, dulcimer, gitar, orgel, 5-strengs banjo, mandolin Peter Knight - fele, tenor-banjo, mandolin, vokal, pauker Ashley Hutchings - bassgitar Martin Carthy - vokal, gitar, orgel
Teknisk Produsent: Sandy Roberton
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ten Man Mop, or Mr. Reservoir Butler Rides Again» frå , den 17. april 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Chrysalis Records-album Kategori:Steeleye Span-album