MS «Vingtor» er ein katamaran bygt i 1990 som MS «Pattaya Express» i Omastrand.

Historie Då katamaranen var ferdigbygd vart han lasta om bord på MS «Paper Trader» for transport til Bangkok i Thailand og gjekk i rute mellom Bangkok og Pattaya frå 1991. Alt same året skifta båten namn til «Jet Cat».

I mars 1996 vart katamaranen frakta med MS «Wiebke» attende til Noreg og Leirvik på Stord. Her vart han opprusta for 6 millionar kroner ved Oma Slipp på Leirvik. I mai 1996 vart katamaranen kjøpt opp av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) for 2,1 millionar USD og endra namn til «Vingtor». Båten gjekk i rutefart i Flaggruten for Tide Sjø. Ein føregangar på same ruta, ein hydrofoilbåt, hadde same namn.

22. juni 1998 kolliderte «Vingtor» med MS «Sunnhordland» i tett tåke ved Haugesund. Årsaka var feilmanøvrering av «Vingtor». Månaden etter, i juli 1998, assisterte «Vingtor» ein fritidsbåt som fekk motorstopp i kuling ved Rennesøy.

21. mars 2001 kolliderte «Vingtor» med kaien i Kopervik etter propellstraum frå MS «Tjelden» og fekk store skadar i baugen. Seinare same året, 20. august, vart båten utsett for innbrot og hærverk i Stavanger, då varer for 6 000 kroner vart stolen.

I januar 2010 vart båten seld til Hellas og omdøypt «Pugla Queen L». Ho gjekk då i rute mellom Kos og Syros i Hellas, og mellom Kos og Bodrum i Tyrkia.

I juni 2013 vart båten selt vidare til Qatar med namnet «UCC Cat 1». Båten vart sist observert i Doha i 2014 og det er ukjend om han framleis er i drift.

Ruter i Noreg 22. mai 1996 - 24. august 1999: Flaggruten (Stavanger - Bergen) 27. august 1999 - Desember 1999: Bergen - Ølen 9. desember 1999 - mai 2001: Flaggruten (Stavanger - Bergen) 2. mai 2001 - 31. desember 2001: Flaggruten (Stavanger - Bergen) / Stavanger - Jørpeland 25. oktober 2002 - mai 2006: Flaggruten (Stavanger - Bergen) Mai 2006 - november 2008: Flaggruten (Stavanger - Bergen) / Stavanger - Jørpeland 26. november 2008 - 1. februar 2010: Flaggruten (Stavanger - Bergen)

Kjelder Skipet.no

Bakgrunnsstoff

«Fjærlandsfjord» på marinetraffic.com

Kategori:Norske snøggbåtar Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Tide-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1990 Kategori:Skip bygde ved Fjellstrand Kategori:1990 i Noreg