MS «Utgar» er ein motorbåt bygt i 1981 for Øygarden-Sotra Rutelag. Båten vart brukt i forskjellige ruter i Øygarden, Fjell kommune og Sotra med kopling til bussruter til og frå Bergen.Skipet - Norsk Skipfartshistorisk Selskap - 4-1999
I mars 1992 vart båten overteken av Vest Trafikk, i august 2000 av HSD og i september 2007 seld til Actinor Bergen.
Etter 2011 ein gong vart båten seld til Bergen Båtskole og ombygd til skulefartøy. Båten vart innreia med klasserom og moderne navigasjonsutstyr.Bergen Båtskole
Kjelder
Bakgrunnsstoff Fartøyet på Marine Traffic
Kategori:Norske lokalrutebåtar Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:ØSR-eigde fartøy Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1981