Thamshavnbanen er ein jarnbane som går frå Løkken Verk til Thamshavn i Trøndelag fylke. Jarnvegen var i drift frå 1908 til 1974. Strekninga Løkken Verk–Svorkmo vart gjenopna som museumsjarnbane i 1983, og er i dag den eldste jarnbana som går på vekselstraum. I dag går det museumstog til Bårdshaug. Slik er 23 av banen sine opphavlege 25 kilometer teke vare på. Museumsbanen vert driven av Orkla Industrimuseum på Løkken Verk. I museet sitt informasjonssenter er det utstillingar om jarnbaneverksemda, og toga kan køyra direkte til og frå utstillingane.

Historikk Banen vart bygd for å frakta malm frå gruvene på Løkken Verk, der ein vann ut koparhaldig svovelkis, og nordover ned Orkladalføret til Orkdalsfjorden. Då banen vart opna i 1908, var han den første elektrisk drivne jarnvegen i Noreg. Chr. Salvesen & Chr. Thams's Communications Aktieselskab stod då for drifta. Endestasjonen Thamshavn er no del av Orkanger. Linja ligg i Orkland kommune. Person- og godstrafikken vart nedlagd i 1963, medan kistoga rulla fram til 1974.

Thamshavnbanen er den einaste jarnbana i Noreg som er bygd med 1 000 mm sporvidde, «Meterspor». Dei tre første lokomotiva var mellom dei aller første brukbare lokomotiva i verda for bruk med einfasa vekselstraum. Seinare har einfasa vekselstraum nesten vorte einerådande på elektriske jarbanar. Køyrestraumen med ein frekvens på 25Hz og ei spenning på 6600 V vart transformert ned til mellom 270 til 500 volt. I tillegg kom 110 volt til togvarme og luftkompressoren. Lokomotiva hadde trykkluftbremser frå Westinghouse, og kunne dra togsett på opp til 50 tonn.

Linjekart

Forklaring til årstal i linjekartAlle årstal i parentes bak stasjonar og haldeplassar viser til opphavleg drift før museumsbaneperioden. Tal utanfor parentes viser til endringar med omsyn til stasjonar, haldeplasser, planovergangar m.m. som har skjedd etter 1983. Alle originale haldeplassar vert også nytta av museumsbanen, sjølv om desse ikkje er oppgjevne med årstal 1983 eller seinare.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Thamshavnbanens Venner Orkla Industrimuseum LocCom Informasjon om lokomotiv frå Thamshavnsbanen Stasjonar på Thamshavnsbanen, Norsk Jernbaneklubb Chr. Salvesen & Chr. Thams's Communications Aktieselskab

Kategori:Norske jarnbanar Kategori:Norsk industrihistorie Kategori:Skipingar i 1908 Kategori:Nedleggingar i 1974 Kategori:Kulturminne i Orkland Kategori:Olavsrosa Kategori:Transportmuseum i Noreg Kategori:Freda bygg i Trøndelag