mini|Boyne-fana er flagget til Orangeordenen. I den orange bakgrunnen er det felt inn ein St. Georgskross, som i det engelske flagget. Purpurstjerna var symbolet til tilhengjarane av William III, som er den fremste heltefiguren i Orangeordenen sine historieframstillingar.
Orangeordenen, kjend som the Loyal Orange Institution, er ein konservativ britisk unionistorganisasjon og eit protestantisk brorskap som finst i fleire land, men er klårt sterkast i Nord-Irland. Dåverande generalsekretær for Grand Orange Lodge of Irland, Drew Nelson, oppgav medlemstalet i Irland (der og medlemene i dei relativt få Orangelosjane i Republikken Irland er medrekna) til kring 34000 i 2012, eit fall frå i 2006, og eit dramatisk fall frå topp-punktet på 1960-talet då det var meir enn 90000 medlemer.Desse tala er henta frå The News Letter, 15. september 2012, lese 2. mai 2019; https://www.newsletter.co.uk/news/orange-order-has-34-000-members-1-4268026 I realiteten kan dette medlemstalet visa seg å vera klårt lågare. I ein konsulentrapport frå 2013 vert talet på medlemer sett til 34650 i Orangeordenen og den ubundne Orangeordenen til saman. Dei hadde til saman 1155 losjar med gjennomsnittleg medlemstal på 30 personar.RSM McClure Watters: The Socio-Economic Impact of the Traditional Protestant Parading Sector in Northern Ireland. May 2013, p 2, http://www.grandorangelodge.co.uk/docs/may13-report.pdf
Organisasjonen vart skipa i 1795 i grevskapet Armagh i det som no er Nord-Irland, som eit svar på at irske republikanarar hadde skipa United Irishmen i 1791.United Irishmen var då kjend under namnet The Society of United Irishmen eller United Irish Society, og vart skipa i oktober 1791 i Belfast og ein månad seinare i Dublin. Jfr. t.d. D.J. Hickey og J.E. Doherty (1980); A Dictionary of Irish History 1800-1980. Dublin, Gill and MacMillan s. 588. ISBN 0-7171-1567-4 Republikanarane ville sameina protestantar, katolikkar og dissentarar (som der og då tydde andre protestantar enn anglikanarane - og i sterkast grad tydde presbyterianarar) under fellesnamnet irar, og som ville lausriva Irland frå britisk kontroll. Orangeordenen sette seg sterkt imot slike idear heilt frå starten av. I dag står ordenen sterkast i Nord-Irland og i delar av Skottland, men det finst og avdelingar (losjar) av Orangeordenen i Republikken Irland og i nokre andre land. Losjane i kvart land utgjer ein storlosje, til dømes ein storlosje for Irland, og ein for Skottland.
Den mest kjende aktiviteten Orangeordenen driv med er markeringane av kong William III (King Billy) sin siger over den katolske James ved Boyne-slaget 12. juli 1690. Desse markeringane skjer ved marsjar Orangeordenen organiserer - det er flest av desse på høgsumaren - i det som vert kalla marsj-sesongen. Det er slike paradar svært mange stader i Nord-Irland, fleire stader i Skottland, eit par stader i Republikken Irland (av desse er marsjen i Rossnowlagh (grevskapet Donegal) mest kjend. Det er og Orangemarsjar andre atader der det finst unionistiske og protestantisk orienterte britar, t.d. i Nord-Amerika, i Australia og i feriedestinasjonar som i Benidorm (Spania).Youtubefilm frå 12. julimarsjen i Benidorm 2019: https://www.youtube.com/watch?v=mrEJDcKmSnc
Førehistorie
Sjølv om Orangeordenen ikkje vart formelt skipa før i 1795, fanst det tidlegare orangeorganisering som bidrog vesentleg til skipinga og til den ideologiske profilen Orangeordenen fekk.Sjå t.d. David Hume, Jonathan Mattison og David Scott (2009); Beyond the Banners. The Story of the Orange Order. Ukjend utgjevarstad, Booklink s. 22ff. ISBN 1906886180 Tobandsverket Orangeism in Ireland and throughout the Empire har eit fyrste band som dekkjer perioden 1688-1828.R.M. Sibbett (1939) Orangeism in Ireland and throughout the Empire. Volume One. Period 1688-1828. London, Thynne & Co. Ltd. I dette verket vert linene ogso trekt attende til opprøret i 1641. Føreordet startar jamvel med ei skjemtesoge der ein medlem i ordenen svarer på spørsmålet om der langt attende organisasjonen kan sporast - svaret var "[...] Orangeism could be traced back to the Garden of Eden"(s.XX1).
Organisasjon og aktivitetar thumb|Orangeordenen marsjerer i Belfast (2011) Orangeordenen er organisert i losjar, som oftast møtest i eigne forsamlingshus (Orange Halls), og mannlege deltakarar kler seg i bowlerhattar og orange band (kalla Sash) i dei kjende marsjane sine.
Dei fleste av marsjane frå Orangeordenen og andre "loyal Orders" skjer i tidsspennet frå mars til august og med tyngspunkt i perioden rundt 12. juli. Her er berre marsjar i Irland, Skottland og England medtekne, det er og marsjtradisjonar andre stader der Orangeordenen finst. Marsjar i regi av Den ubundne Orangeordenen er ikkje medtekne.Oversynet nedanfor er sett opp etter Appendix E, i Kevin Haddick-Flynn: Orangeism. The making of a tradition. Dublin, Wolfhound Press 1999, s. 416-417. ISBN 0-86327-659-8
2. påskedag: The Apprentice Boys of Derry (ikkje formelt del av Orangeordenen) har parade i Derry. 3. påskedag: Junior Orangelosjar har marsjar på utvalde stader i Nord-Irland 10. juni: Orangeordenen har "mini-twelfth"-parade i Portadown Tredje fredag i juni: "Mini Twelfth" i Nord-Belfast. Fjerde laurdag i juni: "Mini Twelfth" i Vest-Belfast. 1. juli: Minneparadar for innsatsen i slaget ved Somme (fyrste verdskrigen) rundt omkring i Nord-Irland Laurdagen før 12. juli: Losjene i grevskapet Donegal (og tilreisande frå andre delar av republikken + frå Nord-Irland) har parade i landsbyen Rossnowlagh (Donegal). Laurdagen før 12. juli: Losjene i Skottland har parade i Glasgow og i andre senter i Strathclyde-regionen. Sundagen før 12. juli: Orangeordenen skipar kyrkjeparadar rundt om i Nord-Irland 12. juli: Større Orangeordenparadar på 19 stader i "Ulster". 12. juli: Engelske Orangelosjar har parade i Stockport, nær Manchester 13. juli: The Royal Black Institution organiserer parade og teaterframsyning av slag i landsbyen Scarva, grevskapet Down. 12. august: The Apprentice Boys of Derry har parade til minne om Siege of Derry. 12. august: The Royal Black Institution har minneparade for slaget ved Newtownbutler. 18. oktober: The Apprentice Boys of Derry har parade til minne om lukkinga av bymurane i Derry. Siste laurdag i oktober: The Royal Black Institution har større paradar seks stader i Nord-Irland. Siste sundag i oktober: "Reformation day" - kyrkjeparadar arrangert av Orangeordenen rundt omkring i Nord-Irland.
Orangelosjane har ofte fargerike og kunstnarleg fint utførte fanar. Losjane kan vera lokalområdelosje, eller dei kan vera for ei yrkesgruppe (i det tidlegare paramilitære politiet eksisterte t.d. ei eiga politilosje Sir Robert Peel Memorial Loyal Orange Lodge. Denne var regjeringsgodkjend.Graham Ellison og Jim Smyth: The Crowned Harp. Policing Northern Ireland. London, Pluto Press 2000, s. 11 og 22. ISBN 0-7453-1398-1 Det var og losjer for særskilte funksjonar, t.d. ei losje for forsking (om Orangetradisjonen). Andre losjer kunne vera måtehaldslosjer eller fråhaldslosjer.
Organisering og ritual har likskapar med det som finst blant frimurarar. Det finst og kvinneleg Orangeorganisering. Ordenen finst og i ei rad gamle britiske koloniar med vesentleg irsk og skotsk innvandring, som til dømes Kanada, Australia, New Zealand og USA. I tillegg finst det oransjelosjar i andre gamle koloniområde, truleg som verknad av anglikansk misjon. Dette gjeld t.d. Ghana og Togo.Kevin Haddick Flynn (1999); Orangeism. The making of a tradition. Dublin, Wolfhound Press s. 393-400. I alle desse ni nemnde statane/områda har Orangeordenen storlosjer med stormeistrar og leiing for organisasjonen.David Hume, Jonathan Mattison og David Scott: Beyond the Banners. The Story of the Orange Order. Holywood - County Down, Booklink 2009, s. 46. ISBN 978-1-906886-18-9 Det er likevel berre i Nord-Irland og delvis i delar av Skottland organisasjonen kan seiast å vera sterk, og jamvel der har organisasjonen vorte mykje svekt gjennom dei siste tiåra.
Ved opptak som medlem i ein orangelosje må losjemeisteren og medlemene vera sikre på at kandidaten oppfyller desse vilkåra, formulert i Qualifications of an Orangeman:
An Orangeman should have a sincere love and veneration for his Heavenly Father; a humble and steadfast faith in Jesus Christ, the Saviour of mankind, believing in Him as the only Mediator between God and man. He should cultivate truth and justice, brotherly kindness and charity, devotion and piety, concord and unity, and obedience to the laws; his deportment should be gentle and compassionate, kind and corteous; he should seek the society of the virtuous, and avoid that of the evil; he should honour and diligently study the Holy Scriptures, and make them the rule of his faith and practice; he should love, uphold, and defend the Protestant religion, and sincerely desire and endeavour to propagate its doctrines and precepts; he should strenuously oppose the fatal errors and doctrines of the Church of Rome, and scrupulously avoid countenancing (by his presence or otherwise) any act or ceremony of Popish worship; he should, by all lawful means, resist the ascendancy of that Church, its encroachments and the extension of its power, ever abstaining from all uncharitable words, actions, or sentiments towards his Roman Catholic brethren; he should remember to keep holy the Sabbath day, and attend the public worship of God, and diligently train up his offspring, and all under his control, in the fear of God, and in the Protestant faith; he should never take the name of God in vsin, but abstain from sll cursing and profane language, and use every opportunity of discouraging these, and other sinful practices, in others; his conduct should be guided by wisdom and prudence, and marked by honesty, temperance and sobriety; the glory of God and the welfare of man, the honour of his Sovereign and the good of his country, should be the motive of his actions.Sitert etter nettsidene til City of Londonderry Grand Orange Lodge; http://www.citygrandlodge.com/qualifications.html Henta 18. juli 2019.
Representantar for Orangeordenen frå dei ulike landa der den finst, samlast kvart tredje år til eit Grand Imperial Council, arrangert av Grand Imperial Lodge det siste var i 2018 i Edinburgh i Skottland
Grand Orange Lodge of Ireland gjev ut avisa The Orange Standard i elleve utgåver i året og driv Museum of Orange Heritage i Cregagh Road i Aust-Belfast. Dei har og gjeve ut Journal of Orange History sidan 2015.
Nærskylde eller tilknytte organisasjonar
Foreininga av lojale Orangekvinner i Ireland (Association of Loyal Orangewomen in Ireland) sprang ut frå Orangeordenen, og vart oppattliva i 1911 etter å ha lege nede sidan 1880-åra. Organisatorisk liknar denne organisasjonen på Orangeordenen, men han er klårt mindre. Dei har eigne kvinnemarsjar, slik mennene har eigne mannsmarsjar, men Orangerørsla skipar og mange marsjar der båe kjønna kan vera med.
The Royal Black Institution vart skipa av Orangeordenen i 1797, og berre menn over 17 år kan vera medlemer. The Blackmen, som dei vert kalla, er ein sjølvstendig organisasjon, men ingen kan likvel verta medlemer av The Royal Black Institution utan fyrst å vera medlemer i Orangeordenen. The Royal Black Institution legg meir vekt på den kristne (prostenstiske) sida av bodskapen enn Orangeordenen, men det er ingen røynleg skilnad på den politiske bodskapen om å forsvara unionen og unionskongedømet solenge dette er protestantisk.
The Apprentice Boys of Derry vart skipa for å heidra den motstanden som vart ytt då James II freista å hærtaka Derry. Denne organisasjonen har ingen formelle bindingar til Orangeordenen, men det er kjend at det er overlapp mellom medlemsflokkane til dei to organisasjonane.