DS «Jonas Lie» (kallesignal JQLW) var eit dampskip bygt i 1875 som eit passasjer- og lasteskip for Wollert Konow Ltd. og Krohn-linjen. Skipet vart bygt for fart mellom Bergen og Tromsø.

I 1906 var det lugarplass til 21 passasjerar på 1. plass og 18 passasjerar på 2. plass.

Historie I 1871 overtok ei rekkje kjøpmenn og andre parthavarar i Bergen, som vart sett inn i fart mellom Bergen og Nord-Noreg. Det første året gav dette eigarane eit utbytte på 30 %, og dei sette derfor i gang med å få bygt eit nytt skip. vart bygt i 1872 og året etter kom «Jonas Lie». Samstundes hadde Arent Schønings Sønner starta fart i same ruta med . Då sildeboomen var over i 1878 kom det til eit fast samarbeid mellom Schøning og Krohn-linjen, som i lag skipa eit nytt selskap, Det Bergensk-Nordlandske Dampskibsselskab. I 1883 hamna både «Michael Krohn» og «John Schøning» i alvorlege havari. Begge skipa vart berga, men selskapet hama i så store økonomiske problem at dei byrja å forhandle med Det Bergenske Dampskibsselskab om ei overtaking. Sidan Bergenske samarbeidde tett med Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab på denne tida, var det naturleg å ta dei med i forhandlingane. Ved loddtrekning fekk Bergenske overta «Jonas Lie» i april 1884 for 165 000 kroner. Dei fekk òg eit anna skip, «Johan Schøning», medan Nordenfjeldske tok over to andre skip.

I 1899 fekk skiet ny donkeykjel og mannskapsseksjonen vart utbetra. I 1902 vart det utført ein større reparasjon ved verftet til Bergenske på Lakesvågsneset. Det fekk då ny innreiing, ny stocklessanker og ny compoundmotor. Ein annan, ny donkeykjel vart sett inn i 1913 og i 1915 vart skipet ombygd til eit reint lasteskip.

I 1922 vart skipet selt til Nord Ostsee Rederei i Danzig og det fekk namnet «Danzig». Alt året etter vart det selt vidare til Sarmacja i Danzig og det vart omdøypt «Warta». Skipet vart opphogd i første kvartalet i 1927.

Kjelder

Kategori:Norske dampskip Kategori:Polske dampskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Bergen Mekaniske Verksted Kategori:Skip frå 1875 Kategori:Skip sluttsegla i 1927