Olav Versto () var ein norsk journalist som var tilsett i VG i ei årrekkje. I perioden 1994–2008 var han politisk redaktør i avisa.

Versto var fødd i Tinn i Telemark. Han tok graden cand.mag. ved Universitetet i Oslo i 1976, og byrja året etter å arbeida for NRK. Versto var i mange år kjent som programleiar og reporter i NRK Radio, der han i 1980-åra leidde fleire debattar mellom dei to viktigast politikaranæ i Noreg på den tida, Kåre Willoch og Gro Harlem Brundtland. Han kom til VG som redaksjonssekretær i 1987 og vart politisk redaktør for avisa i 1994. 31. desember 2008 forlét han stillinga, og vart etterfølgd av Hanne Skartveit. Frå 2009 og fram til han døydde var Versto redaktør i kommentaravdelinga. Olav Versto døydde 7. juli 2011 i ei båtulukke i Farsund.

Personlege tilhøve Olav Versto stamma frå Vinje i Telemark, og var barnebarn av Olav Aslakson Versto og son av Aslak Versto, som begge var politikarar.Edland, Åsulv: Olav Versto (1950 -2011). Dag og Tid, 14. juli 2011 Han var bror av journalisten Astrid Versto og forfattaren Stein Versto.– Raus og snill. Varden, 11. november 2017Kranglet for åpent kamera. Dagbladet, 19. mars 1999. Han var gift med journalist Kari Storsletten i Aftenposten. Hausten 2007 vart paret sett opp på ei liste over dei mektigaste para i Media-Noreg av NA24.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Olav Versto» frå , den 18. mai 2019.

Kategori:Folk frå Vinje Kategori:Norske redaktørar Kategori:NRK-journalistar