DS «Uranus» (kallesignal JRCL) var eit dampskip bygt i 1880 som eit lasteskip for M. Aug. Schjelderup som «Unita» ved Bergen Mekaniske Verksted. I februar 1894 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt.

BDS hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Uranus er ein planet i solsystemet.

Historie «Unita» vart levert i november 1880 for bergenske kjøpmenn. Ho vart kjøpt og omdøypt til «Uranus» av Bergenske i februar 1894 for 76 000 kroner.

I 1901 vart det bygd overbygg forut og nytt jarnhus og overbygning midtskips. 2. juni 1908 vart «Uranus» det første skipet i den nye ruta Bergenske oppretta til Island frå Bergen. Sidan gjekk ruta frå Oslo eller Stavanger og hadde anløp i Thorshavn på Færøyane og så til alle hamnene på nordkysten av Island og til slutt Reykjavik. I 1909 havarerte skipet ved Hoversholmen og vart reparert.

Skipet vart selt til opphogging i 1924.

Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 599 bruttoregistertonn og 357 nettoregistertonn og lasteevna var 538 dødvekttonn. Volumet på lasteromma var 510 kubikkmeter. 976 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tosylindra compound dampmaskin, levert av Bergen Mekaniske Verksted. Oppgjeven yting var 250 iHk (indikerte hestekrefter) og 50 nHk (nominelle hestekrefter), noko som gav ein toppfart på 8 knop.

Etter ombygginga i 1901 var tonnasjen 601 brt og 426 nrt.Skipshistorie.net

Skipet fekk nye donkeykjele på 100 pund i 1903.

Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab For andre skip kalla «Uranus», sjå Uranus.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske dampskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Bergen Mekaniske Verksted Kategori:Skip frå 1882 Kategori:Skip sluttsegla i 1924