Stavangersk eller stavangerdialekt er talemålet som vert bruka i Stavanger, og skil seg noko frå jærmålet i sør.
Grammatikk
Substantiv
Hankjønn
Hovudregel:
Ein gutt - gutten - fleire guttar - alle guttane
Her lyt ein merka seg at skiljet mellom fleirtalsbøyinga på han- og hokjønnsord kan vera noko uklårt, sidan det etter kvart har vorte nokså vanleg å seia guttår. Å seia guttene er derimot noko uvanleg.
Hokjønn
Hovudregel:
Ei jenta - jentå - fleire jentår - alle jentene
Ei dør - dørå - fleire dører - alle dørene
Inkjekjønn
Hovudregel:
Ett hus - huse - fleire hus - alle huså
Ett eple - eple - fleire eplår - alle eplene(/eplå)
Verb
Alle verb har a-ending i infinitiv.
Svake verb
A-verb:
Å kasta - kaste - kasta - har kasta
Å snofla - snofle - snofla - har snofla (Å snofla = å snubla)
E-verb:
Å spela - spele - spelte - har spelt
Å prøva - prøve - prøvde/-te - har prøvd-/t
Det som i skriftspråk er kjend som J-verba er utsette for litt meir forvirring, mellom anna av di det ikkje finst j-ar i desse verba på stavangersk. Til dømes heiter det å spørra, tella og velga, og ikkje spørja, telja, velja.
Nå-verb:
Å nå - når - nådde - har nådd
Å spy - spyr - spydde - har spydd
Sterke verb
Å slida - slide - sleid - har slede
Å kryba - krybe - krøyb - har krøbe
Å brekka – brekke – brakk – har brokke
Adjektiv
Ubestemt form eintall:
Hankjønn: Ein fine hage Hokjønn: Ei fine jenta Inkjekjønn: Et fint hus
Bestemt form eintall - noko meir komplisert enn bokmål/nynorsk:
Hankjønn: Den fine hagen Hokjønn: Den fina jentå Inkjekjønn: Det fina huset
Fleirtall - alle kjønn har e-ending: Ubestemt form: Fine hus Bestemt form: De fine husene
Uttalen av "fine" i ubestemt form hankjønn og hokjønn eintal har eit anna tonelag enn bestemt form eintal og fleirtal. Dette skuldast at e-endinga opphavleg er ein svarabhaktivokal.
Pronomen
Personlege pronomen
Subjektsformer:
Eintal: Eg, du, han, hu, det
Fleirtal: Me, dåkk(år), di
Objektsformer:
Eintal: Meg, deg, seg, han, henna/na, det
Fleirtal: Oss, dåkk(år), seg, di
Eigedomspronomen
+ Eigedomspronomen bøygde i kjønn og tal hankjønn eintal hokjønn eintal inkjekjønn eintal fleirtal nynorsk 1. person eintal min mi mitt mine min 2. person eintal din di ditt dine din 3. person eintal hankjønn hans hans 3. person eintal hokjønn hennas hennar 1. person fleirtal vår vår vårt våre vår 2. person fleirtal dåkkårs, dokks dykkar, dokkar 3. person fleirtal diras, dies deira 3. person refleksiv sin si sitt sine sin
Spørjeord
Nynorsk - stavangersk
Kva - ka
Kvar/kor - kor
Kven - kem/kenn
Korfor/kvifor - koffår/kaffår
Korleis - koss/kossen
Andre sermerke
Blaute konsonantar (p, t, k -> b, d, g i inn- og utljod) Skarre-r Æ-ljoden vert vanlegvis bytt med ein lang e-ljod (sær -> ser, hæl -> hel, bær -> ber) Spørsmålsformuleringar til ja/nei-spørsmål byrjar som regel med ordet om (Om du vett ka klåkkå e? Om eg kan få is?).
Sosiolekt
Ein sosiolekt av stavangersk er kalla for finstavangersk eller Egenesisk. I denne sosiolekten vert språket lagt om i retning av dansk språk. Døme er Egenes i staden for Eiganes, ikke i staden for ikkje, je i staden for eg, frem i staden for fram, sne i staden for snø, gottene i staden for guttane, hytten i staden for hyttå. Denne varianten er særleg erobra i Eiganes-området. Den vert og brukt i andre område for å skilla seg ut frå den proletariserte del av befolkninga i Stavanger og omegn.
Kategori:Stavanger kommune Kategori:A-mål Kategori:Vestlandske målføre