The Grateful Dead er debutalbumet til The Grateful Dead. Det kom ut på Warner Bros. Records i mars 1967. I følgje biografiane til både bassisten Phil Lesh og trommeslagaren Bill Kreutzmann, gav bandet ut albumet som San Francisco's Grateful Dead.
Historie Albumet vart hovudsakleg spelt inn i RCA sitt Studio A, i Los Angeles, på berre fire dagar. Bandet hadde ønskt å spele inn songane i heimbyen San Francisco, men det var ingen platestudio der som hadde moderne nok utstyr på den tida. Gruppa valde ut David Hassinger som produsent fordi han hadde arbeidd som lydteknikar på Rolling Stones-songen «(I Can't Get No) Satisfaction» og Jefferson Airplane-albumet Surrealistic Pillow (der Jerry Garcia hadde vore gjesteartist og føreslått albumtittelen). Etter krav frå plateselskapet deira, Warner Brothers, vart fire av songane på albumet redigert ned fordi dei var for lange. Phil Lesh sa i sjølvbiografien sin: «i mine øyre var den einaste songen som høyrdest ut som det me gjorde på den tida 'Viola Lee Blues'. Ingen av oss hadde erfaring med å spele i eit studio og heile prosessen kjendest forhasta.» Bill Kreutzmann sa om songane i sjølvbiografien sin, «dei innspelte versjonane mislukkast med å fange energien me hadde når me spelte dei live. Me var ikkje så gode enno. Me lærte framleis korleis det var å spele i eit band.»
Sjølv om albumet vart rekna som «a big deal» i San Francisco, vart det lite spelt på AM-radio utafor Bay Area. FM-formatet som føretrekte band som the Dead var framleis under utvikling. Warner Bros. heldt ein utgjevingsfest for albumet i Fugazi Hall i North Beach.
Bandet brukte det samla pseudonymet «McGannahan Skjellyfetti» for songar gruppa hadde skrive eller arrangert i lag. Namnet var ei feilstaving av «Skujellifeddy», ein rollefigur i teikneserieromanen til Kenneth Patchen kalla The Memoirs of a Shy Pornographer, i tillegg til namnet på katten til Pigpen. I ei tid då det var vanskeleg å finne ut kven som hadde skrive somme songar, og om dei var i offentleg eige eller ikkje, vart «Cold Rain and Snow» og «New, New Minglewood Blues» opphavleg oppført som bandkomposisjonar, sjølv om dei var utgåver av eksisterande songar.
Ei nymastra utgåve av albumet med uredigerte verjonar av fem albumspor, i tillegg til seks bonusspor, kom ut på Rhino so ein del av plateboksen The Golden Road (1965–1973) i 2001, og som eit eige album i 2003. Eit unytta albumspor, «Alice D. Millionaire», var inspirert av ei avisoverskrift hausten 1966 som sa «LSD Millionaire», om lydteknikaren og velgjeraren til The Dead, Owsley Stanley.
Plateomslag På det originale omslaget stod det skrive på toppen av framsida: «In the land of the dark, the ship of the sun is drawn by the Grateful Dead», som var henta frå Den egyptiske daudeboka. Sidan boka vart ein del lesen på denne tida, var det somme som feilaktig tenkte at bandet hadde teke namnet sitt frå sitatet: «We now return our souls to the creator, as we stand on the edge of eternal darkness. Let our chant fill the void in order that others may know. In the land of the night, the ship of the sun is drawn by the grateful dead.» Det hadde dei ikkje, og fordi Garcia var redd for at det verka for «pretensiøst» og at dei skulle bli knytt til ein spesifikk filosofi eller doktrine, bad dei kunstnaren Stanley Mouse om å stilisere skrifta slik at det berre var mogeleg å lese bandnamnet.
Innhald
Spor 1-13 er konsertopptak frå 29. juli 1966 og spor 14-17 frå 30. juli 1966 i Garden Auditorium i Vancouver i Canada
Medverkande Grateful Dead Bob Weir – rytmegitar, vokal Ron «Pigpen» McKernan – Vox Continental organ, munnspel, vokal Bill The Drummer (Bill Kreutzmann) – trommer, perkusjon Jerry «Captain Trips» Garcia – sologitar, vokal, arrangement Phil Lesh – bassgitar, vokal
Teknisk Dick Bogert – lydteknikar Betty Cantor-Jackson – lydteknikar Bob Cassidy – lydteknikar David Hassinger – produsent
Nyutgjevingar James Austin – produsent Joe Gastwirt – mastering, produksjonskonsulent Cassidy Law – prosjektkoorrdinering, Grateful Dead Archives Eileen Law – arkivforsking, Grateful Dead Archives David Lemieux – produsent Peter McQuaid – leiande produsent, Grateful Dead Productions Jeffrey Norman – ekstra miksing på bonusspor Michael Wesley Johnson – medprodusent, forskingskoordinering
Salslister Billboard ListePlasseringPop Albums73
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Grateful Dead (album)» frå , den 30. mai 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Debutalbum frå 1967 Kategori:Grateful Dead-album Kategori:Rhino Records-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Album produserte av David Hassinger