Inger-Mari Aikio (), også kjend under namnet Ima, er ein finsk samisk forfattar som skriv på nordsamisk.biografi ; Samisk kunstnerråd Ho har utgjeve fleire diktsamlingar, dei første under namnet Inger-Mari Aikio og seinare under Inger-Mari Aikio-Arianaick.
Liv og virke Aikio vart fødd i Utsjoki i Finland. Ho gjekk ut vidaregåande skule i 1980, og har studert språk ved Universitetet i Oulu. I 1992 vart ho godkjent omsetjar mellom nordsamisk og finsk og mellom finsk og nordsamisk. I tillegg til forfattarskapen har ho arbeidd som journalist, fotograf og korrekturlesar for avisa Sámi Áigi frå 1982 til 1988, seinare som nyhendejournalist for Yle Sámi Radio.
Diktsamlinga hennar Máilmmis dása (‘Frå verda og hit’) var i 2004 den samiske kandidaten til Nordisk råds litteraturpris.
Bibliografi
Bøker
Gollebiekkat almmi dievva (DAT 1989), diktsamling Jiehki vuolde ruonas giđđa (DAT 1993), diktsamling Silkeguobbara lákca (DAT 1995), diktsamling Máilmmis dása (DAT 2001), diktsamling (oversatt til norsk, finsk og engelsk) Riebana bihpporgáhkut (DAT 2006), barnebok Suonat (DAT 2008), diktsamling (oversatt til norsk, engelsk, finsk, tysk og ungarsk) Čáhcerávgga gazza (DAT 2011), barnebok Beaivváš čuohká gaba (DAT 2014), diktsamling/«poesilydverk» (på nordsamisk og finsk) Tropihka rievssat (DAT 2017), roman 69 čuoldda (DAT 2018), diktsamling (på nordsamisk og finsk) Buolbmatjávrri eallin (DAT 2020) Otne lea mu maŋimuš beaivi (DAT 2022), prosadikt
I tillegg har ho medverka i ei rekkje antologiar.
Tekstforfattar på musikkalbum
Ima ipmašat (DAT 2007) Ima hutkosat (DAT 2011) Ima mánážat (DAT 2015) Ima já Heli párnááh (DAT 2017) Ima da Tiina päärna (DAT 2017)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Inger-Mari Aikio-Arianaick» frå , den 2. juni 2019.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Samiske forfattarar Kategori:Finske forfattarar Kategori:Finske journalistar Kategori:Folk frå Utsjoki