Hans-Georg Reimann () er ein tysk tidlegare kappgjengar, fødd i dåverande Heydekrug i Aust-Preussen (no Litauen). Han vann EM-sølv på 20 km i 1962 og OL-sølv 14 år seinare, i 1972 tok han bronsemedaljen på same distansen i München. Reimann representerte Aust-Tyskland.
Aktiv Reimann overraska og tok sølvmedaljen på 20 km ved Friidretts-EM i 1962, 20 sekundar bak briten Ken Matthews og om lag like langt føre Volodimir Holubnitsjij, storfavoritten som representerte Sovjetunionen. Ti år seinare gjekk Reimann inn til bronsemedalje under Sommar-OL 1972, etter ein drabeleg strid mot landsmannen Peter Frenkel, som vart olympisk meister, og nemnde Holubnitsjij. I 1976 var Reimann flaggberar for det austtyske mannskapet som deltok i sommarleikane i Montreal. Her tok Neumann sølvmedaljen på 20 km, vel halvminuttet bakom Daniel Bautista frå Mexico, og med landsmannen Frenkel på bronseplassen bak seg.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1962 i Beograd: Sølvmedalje – 1.36.14, bakom Ken Matthews (1.35.54) OL 1964 i Tokyo: Nr 12 – 1.34.51 EM 1966 i Budapest: Diskvalifisert OL 1968 i Mexico by: Nr 7 – 1.36.41 EM 1969 i Aten: Nr 5 – 1.33.04 EM 1971 i Helsinki: Nr 6 – 1.28.56 OL 1972 i München: Bronsemedalje – 1.27.16 OL 1976 i Montreal: Sølvmedalje – 1.25.13, bakom Daniel Bautista (1.24.40)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hans-Georg Reimann» frå , den 4. juni 2019.
World Athletics
Kategori:Tyske kappgjengarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976