Aleksej Nikolajevitsj Vojevodin () er ein russisk tidlegare kappgjengar frå Penza oblast som vann sølvmedalje på 50 km i Friidretts-EM 2003 og i VM 2005, og bronsemedaljen på distansen i Aten-OL 2004. Han vart dopingdømd i 2008.
Aktiv Vojevodin makta ikkje å gjere seg gjeldande i medaljestriden under verdsmeisterskapane i tida 1995-2001. Derimot gjekk han inn til sølv på spesialdistansen 50 km då europameisterskapen 2002 fann stad i München, meir enn tre-og-eit-halvt minutt bak Robert Korzeniowski frå Polen. Eitt år etter gjekk Vojevodin sitt liv snøggaste 50 km då han ved verdsmeisterskapen i Paris/Saint-Denis vart klokka inn på tida 3.38.01. Han enda likevel på fjerdeplass og utan medalje, 15 sekundar unna bronsemedaljøren. Under dei olympiske leikane 2004 i Aten kneip Vojevodin bronsen bakom Robert Korzeniowski og sin eigen landsmann Denis Nizjegorodov. Året etter tok Vojevodin sølvmedaljen ved verdsmeisterskapen i Helsinki, halvminuttet føre Alex Schwazer frå Italia og over tre minuttar bakom landsmannen ]]Sergej Kirdjapkin]].
Doping Vojevodin testa i april 2008 positivt på erythropoetin (EPO) og vart stengd ute frå idretten i to år. Han kom aldri tilbake i tevling.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1995 i Göteborg: Nr 15 – 3.59.23 VM 1997 i Aten: Nr 10 – 3.54.28 VM 2001 i Edmonton: Braut 50 km EM 2002 i München: Sølvmedalje – 3.40.16, bakom Robert Korzeniowski (3.36.39) VM 2003 i Paris: Nr 4 – 3.38.01 OL 2004 i Aten: Bronsemedalje – 3.43.34 VM 2005 i Helsinki: Sølvmedalje – 3.41.25, bakom Sergej Kirdjapkin (3.38.08) VM 2007 i Osaka: Braut 50 km
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Alexei Nikolajewitsch Wojewodin» frå , den 9. juni 2019.
World Athletics
Kategori:Russiske kappgjengarar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Russland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004