Vestlandske målføre eller vestlandsk er ei samnemning for dei dialektane som blir tala i området frå Romsdal i nord til Agder i sør. Desse målføra delar ein vidare inn i nordvestlandske målføre, sørvestlandske målføre og sørlandske målføre.
Nordvestlandske målføre har e-infinitiv, og strekkjer seg frå midtre Sogn og Fjordane til Romsdal. Av desse kan nemnast: Romsdalsdialekt Sunnmørsdialekt Nordfjordmål Sunnfjordsmål Jølstramål
Sørvestlandske målføre har a-infinitiv, og strekkjer seg frå indre Sogn og Fjordane, gjennom Hordaland og Rogaland og til delar av Vest-Agder. Av desse kan nemnast: Sognamål (sognamaol) Strilamål Vossamål (vossamaol) Hardingdialekt (harding) Sunnhordlandsdialekt Haugalandsdialekt Jærsk Vestlandske bymål som har sterke forenklingar, noko som er typisk for alle bydialektar, men dei stammar opphavleg frå dialektane omkring og har mykje sams med dei. Bergensk Stavangersk
Kategori:Vestlandske målføre