Shreveport er ein by i delstaten Louisiana i USA med 199 000 ibuarar i 2010, noko som gjer byen til den tredje mest folkerike i delstaten etter New Orleans og Baton Rouge. Byen Shreveport ligg langs vestbreidda av elva Red River og er fylkessete i Caddo Parish, ein mindre del av byen høyrer til grannekommunen Bossier Parish.
Byen vart grunnlagd i 1836.
Venskapsbyar Ostrava sidan 13. november 2015.
Kjende personar frå Shreveport Evelyn Ashford, friidrettsutøvar D.J. Fontana, musikar James Stroud, musikar og plateprodusent
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Shreveport, Louisiana» frå , den 21. juli 2019.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Louisiana