Ola Svein Stugu () er ein norsk historikar, forfattar og professor ved Institutt for historie og klassiske fag på Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim.
Stugu er fødd i Oppdal. Han vart cand. philol. i 1976 ved Universitetet i Oslo med historie som hovudfag og hadde yrkespraksis frå skuleverk, offentleg forvalting og oppdragsforsking fram til 1993. Han vart førsteamanuensis ved historisk institutt og Universitetet i Trondheim i 1994, før han i 2001 vart professor ved same stad.NTNU.no – Curricululm Vitae, Ola Svein Stugu. (Besøkt 24. november 2008)
Stugu har skrive fleire bøker og andre publikasjonar innanfor kulturhistorie, byhistorie og historiedidaktikk, blant anna Trøndelags historie for perioden etter 1945. Han sit òg som nestleiar for Norsk senter for bygdeforskning.Bygdeforskning.no – Om bygdeforskning og styret (Besøkt 24. november 2008)
Bibliografi
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Ola Svein Stugu» frå , den 21. juli 2019.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Oppdal Kategori:Norske forfattarar Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Professorar ved NTNU Kategori:Norske historikarar Kategori:Norske historieprofessorar