iPhone 8 og iPhone 8 Plus er smarttelefonar designa, utvikla og marknadsført av Apple Inc. Dei utgjer den ellevte generasjonen iPhone-telefonar og vart annonserte 12. september 2017, samtidig med den meir drustelege iPhone X, i Steve Jobs Theater i Apple Park-kampusen. Telefonane vart utgjevne 22. september 2017, som etterfølgjarar til iPhone 7 og iPhone 7 Plus.

iPhone 8-modellane introduserer ei bakside av glas, men elles er designane lik tidlegare modellar. Nytt er mellom anna moglegheit for induktiv lading, raskare prosessor og forbetra kamera og skjermar. iPhone 8 og iPhone 8 Plus har det meste av den indre maskinvaren felles med iPhone X.

Telefonane fekk blanda mottaking. Kritikarar roste at induktiv lading var lagt til og den nye Apple A11-prosessoren, men kritiserte den aldrande designen på telefonane.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:iPhone Kategori:Mobiltelefonar introduserte i 2017