Kaskö (finsk Kaskinen) er ein by og kommune i landskapet Österbotten i Finland. Kommunen har ein folkesetnad på 1 552, og eit areal på 30,2 km², der 10,08 km² er land. Hoveddelen av kommunen ligg på øya Kaskö som er knytt til Närpes på fastlandet med to bruer.
Kaskö er ein tospråkleg kommune med finsk som majoritetsspråk og svensk som minoritetsspråk (30,1 %).
Kaskö er den minste byen i Finland. Medan fiske og handel tidlegare var viktigaste næringsveg, forandra Kaskö seg sterkt på 1970-talet. Firmaet Metsä-Bothnia etablerte då ein cellulosefabrikk på staden. Industrialiseringa førte til ei sterk innflytting av finsktalande, slik av byen gjekk over frå å ha ein for det meste svensktalende småbyfolkesetnad til å verta eit industrisamfunn med finskspråkleg fleirtal.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kaskö» frå , den 26. juli 2019.
Kategori:Øyar i Finland Kategori:Busetnader grunnlagde i 1785 Kategori:Kommunar i Österbotten