ISSN er kortforma for International Standard Serial Number (Internasjonalt standard serienummer). ISSN-systemet er eit vanleg system for identifisering av blad og andre tidsskrift. I ISSN-systemet har kvar publikajon eit eige og unikt ISSN-nummer, men ikkje eit for kvar utgåve, slik som det er med ISBN-nummer. Det er fast, og vert ikkje endra utan at det skjer store endringar med publikasjonen. I tillegg til papirutgåver av publikasjonar, vert ISSN-nummer òg brukt til elektroniske publikasjonar. ISSN-systemet har ISO-nummeret 3297. Det fekk det i 1975.

Sjå òg ISBN (International Standard Book Number, sjå http://isbn.org) ISEN (Internet Search Environment Number, sjå http://isen.org) ESBN (Electronic Standard Book Number, sjå http://esbn.org)

Bakgrunnsstoff http://www.issn.org/ ISBN-kontoret i Noreg

Kategori:ISO-standardar