Lambeg (historisk Lanbeg, , 'lita kyrkje') er ein liten landsby og kommune (civil parish) i County Antrim i Nord-Irland. Han ligg mellom Belfast og Lisburn, opphavleg på landsbygda, men no som del av Stor-Belfast. Ved folketeljinga i 2011 hadde valdistriktet Lambeg 2 737 innbyggjarar. Kommunen dekkjer delar av både County Down og County Antrim.
Lambeg er kjend som opphav til namnet på Lambeg-tromma. Ulike forklaringar på dette skal vera at denne trommetypen først blei laga i Lambeg, eller at det var her ein byrja slå på tromma med bøygde stenger.
Kyrkjestaden til soknekyrkja i Lambeg går tilbak til 1200-talet. Det var opphavleg eit fransiskansk kloster her, og seinare eit nonnekloster. Størstedelen delar av kyrkja blei attbygd i 1849.
Landsbyen ligg ved elva Lagan. Her blei det dyrka lin, og på 1600- og 1700-talet voks linindustrien til. Dette var ein viktig industri til han døydde ut ved midten av 1900-talet.
Lambeg jernbanestasjon opna 1. september 1877.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lambeg, County Antrim» frå , den 28. juli 2019.
Kategori:Landsbyar i County Antrim Kategori:Kommunar i County Antrim