The Hangman's Beautiful Daughter er det tredje studioalbumet til den skotske psykedelisk folk-gruppa The Incredible String Band (ISB), og kom ut i mars 1968 på Elektra Records. Bandet fortsette utviklinga innan psykedelisk folk som dei hadde byrja på med det førre albumet, The 5000 Spirits or the Layers of the Onion. Instrumentalt var dette det mest komplekse og eksperimentelle albumet dei hadde laga til då, med ei lang rekkje eksotiske instrument. I tillegg brukte bandet fleirsporsopptakar og overdubbing.

Då albumet kom ut, nådde det femteplassen på UK Albums Chart og 161. plassen på Billboard Top LP's i USA. Dette var den høgaste plasseringa dei klarte å nå på listene i begge landa.Whitburn, Joel; Joel Whitburn's Top Pop Albums, 1955–1996; p. 366. Albumet fekk god kritikk og selde godt, og dei la ut på den første turneen sin aleine og vart nominert til Grammyprisen. Det vert rekna som det mest ambisiøse verket deira til då og hadde store påverknad på psykedelisk folk-sjangeren.

Bakgrunn I desember 1967 hadde bandet fullført innspelinga av Hangman's Beautiful Daughter i Sound Techniques i Chelsea i London. Musikken var eit forsøk på gjenskape ein konsert av songane deira. Tekstane reflekterer over tema som livet, mytologi og religiøse eigenskapar i ein fri musikalsk struktur.Adrian Whittaker (ed.), Be Glad: The Incredible String Band Compendium, 2003,

Albumet inneheld ei rekkje strekt draumeaktige Robin Williamson-songar, som «The Minotaur's Song», ein surrealistisk varieté-parodi sungen frå synspunktet til minotauren. Midtpunktet er Mike Heron sin «A Very Cellular Song», ein 13 minuttar lang refleksjon om livet, kjærleiken og amøbane, med ein kompleks struktur som omfattar ein bahamansk spiritual («I Bid You Goodnight», opphavleg spelt inn av The Pinder Family ). Den siste delen av «A Very Cellular Song», «May the Long Time Sun Shine», vert stundom omtalt som ein sikh-hymne eller ei irsk velsigning, men er i røynda ein original song skriven av Mike Heron. Den lagdelte produksjonsstilen til albumet var basert på teknikkar med fleirsporsinnspelingJoe Boyd, White Bicycles, 2005, og ei lang rekkje forskjellige instrument frå heile verda, som sitar, gimbri, shenai, oud, cembalo, panfløyte og kazoo.

Plateomslag og tittel Plateomslaget - som på den originale LP-utgåva var baksida av omslaget, der framsida berre synte Williamson og Heron – bestå av eit fotografi teken på juledag 1967. Biletet er av begge musikarane, kjærastane deira Licorice McKechnie og Rose Simpson, venene Roger Marshall og Nicky Walton, fleire av barna til venen deira Mary Stewart, og hunden til Robin, Leaf.

Om tittelen sa Mike Heron ein gong: «Bøddelen (hangman) er døden og den vakre dottera er det som kjem etter. Eller du kan sei at bøddelen er dei siste tjue åra av liva våre og den vakre dottera er no, det me klarar å gjere etter alle desse åra. Eller du kan bruke di eiga tyding - di tolking er like god som vår.»

Utgjeving Bandet vart mykje spelt på radio av den kjende DJ-en John Peel, og som følgje av dette vart The Hangman's Beautiful Daughter ein stor salssuksess i Storrbritannia, og låg inne på lista i 21 veker med ein femteplass som høgaste plassering. I USA var ISB alltid eit undergrunnsband og albumet nådde berre 161. plassen der. Det vart likevel nominert til Grammyprisen i kategorien beste folkemusikk.

The Hangman's Beautiful Daughter har ofte blitt hylla av mange kritikarar og er mellom anna med i Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die. I februar 2016 plasserte magasinet Uncut albumet på 98. plassen på lsita si over dei 100 beste albuma gjennom tidene.

Plateomslaget er blitt refererer til på omslaget til David Keenan-boka England's Hidden Reverse, Current 93-albumet Earth Covers Earth, Devendra Banhart sitt Cripple Crow, og debutalbumet til Feathers.

Robert Plant har sagt at The Hangman's Beautiful Daughter var ei inspirasjonskjelde for retninga på det første albumet til Led Zeppelin.

Amøbe-partiet i «A Very Cellular Song» vart spelt av skodespelaren Nigel Planer, i rolla som «Neil the Hippy» frå den britiske fjernsynsserien The Young Ones, på albumet hans Neil's Heavy Concept Album frå 1984.

Innhald

Medverkande Robin Williamson – vokal, gitar, gimbri, blikkfløyte, perkusjon, panfløyte, piano, oud, mandolin, munnharpe, shehnai, vassharpe, munnspel Mike Heron – vokal, sitar, Hammondorgel, gitar, hammerdulcimer, cembalo Dolly Collins – pipeorgel, piano David Snell – harpe Licorice McKechnie – vokal, fingercymbal Richard Thompson – vokal på «The Minotaur's Song» Judy Dyble – vokal på «The Minotaur's Song»

Salslister ListeDatoPlasseringVeker på listaUK Albums Chart4. juni 1968521US Billboard Top LP's20. juli 19681619

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Hangman's Beautiful Daughter» frå , den 3. august 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Incredible String Band-album Kategori:Musikkalbum frå 1968 Kategori:Elektra Records-album Kategori:Album produserte av Joe Boyd