mini|Satellittbilde av Hondurabukten i nedre del av bildet. mini|Hondurasbukta i midten av kartet. Hondurasbukta (spansk Golfo de Honduras) er ei bukt i Det karibiske havet som ligg mellom Belize, Guatemala og Honduras. Frå nord til sør strekkjer bukta seg cirka 200 km frå Dangriga i Belize til La Ceiba i Honduras.
Den indre delen av Hondurasbukta er avgrensa av Belize barriererev, som dannar den sørlege delen av det 900 km lange mesoamerikanske barriererevsystemet, det nest største korallrevsystemet i verda. Belize barriererev omfattar fleire mindre øyar som er kjende under namnet Pelican Cays.
Hondurasbukta har eit rikt dyreliv. Mangroveskog, sjøgras og korallrev i nærmiljøet og ein kombinasjon av ulike næringsemne her skapar eit rikt miljø som vernar marine organismar.
Orkanen Hattie i 1961 hadde bane over Hondurasbukta før han traff land og skadde bygningar i Belize.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hondurasbukten» frå , den 11. august 2019.
Kategori:Belizisk geografi Kategori:Honduransk geografi Kategori:Guatemalansk geografi Kategori:Bukter i Nord-Amerika