Lyse kapell er eit kapell i Lysebotn i Sandnes kommune i Rogaland. Kapellet vart bygd i 1961 og har plass til 150 personar. Kapell er oppført i tre. Det vart innvigd av biskop Fridtjov Birkeli 28. mai 1961.

Kapellet vart teikna av Gustav Helland og Endre Årreberg. Dei la vekt på naturforholda i Lysebotn. Dette gav kapellet høge og spisse gavlar som skulle stå som fjell i terrenget.

Kapellet har våpenhus, skip og kor. På fondveggen er ein enkel trekross. Veggar og tak er kledde med trepanel. Skipet er møblert med jærstolar. Tårnet er bygd ved sida av kapellet, men eit mellombygg bind det saman med hovudbygget. I kjelleran er det matsal, kjøken og garderobe.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lyse kapell» frå , den 12. september 2019.

Bakgrunnsstoff Kyrkjesøk Kyrkja i Strand og Forsand

Kategori:Kyrkjer i Sandnes prosti Kategori:Kyrkjer i Sandnes Kategori:Kulturminne i Sandnes Kategori:Norske kyrkjer frå 1961