mini|Tillaging av butterdeig der ei smørplate blir pakka inn i deigen før kjevling. Butterdeig (frå tysk for ‘smørdeig’) er ein laminert deig laga med smør eller i nyare tid også margarin og liknande. Deigen blir også kalla smørdeig, men er eigentleg berre ein type smørdeig.

Ein lagar butterdeig ved å kjevla ut lag av deig med smør mellom. Ein brettar deigen og kjevlar han ut på ny fleire gonger, til ein får ei rekkje slike lag. Til sist kan ein oppnå 150-200 lag.

Mellom kvar omgang er det vanleg å kjøla ned deigen, så ikkje smøret smeltar. Resultatet er at deigen blir flakete og sprø når ein steiker han.

Butterdeig blir brukt til mange typar bakverk, som croissant, millefeuille eller napoleonskake og mange fylte paiar.

Kjelder

Kategori:Deig Kategori:Smør Kategori:Tyske ord og uttrykk