Linus Carl Pauling () var ein amerikansk kvantekjemikar, biokjemikar, forfattar og fredsaktivist. Han gav ut over 1 200 bøker og artiklar, rundt 850 av dei om vitskaplege emne. New Scientist kalla han ein av dei 20 største vitskapsfolka gjennom tidene. I 2000 var han rangert som den 16. viktigaste vitskapsmannen i historia av The scientific 100.
Pauling var ein pionér når det gjaldt å nytta kvantemekanikk innan kjemi, og han mottok Nobelprisen i kjemi for forskinga si på naturen til kjemiske bindingar. Han gav òg viktige bidrag til å bestemma krystall- og proteinstrukturar, og var ein av grunnleggjarane av molekylærbiologi.
Pauling var kjent for vidfemnande kunnskapar innan uorganisk kjemi, organisk kjemi, metallurgi, immunologi, anestesiologi, psykologi, radioaktiv nedbryting og etterverknadene etter kjernefysiske eksplosjonar, i tillegg til kvantemekanikk og molekylærbiologi. Pauling mottok Nobels fredspris i 1962 for kampanjen sin mot atomprøvesprengningar over bakken, og er ein av berre fire personar i historia som individuelt har motteke to nobelprisar.Marie Curie, John Bardeen og Frederick Sanger er dei andre. Som Watson bekrefter, var Pauling også nær ved å bli oppdagaren av DNA-strukturen som Francis Crick, James Watson og Maurice Wilkins fekk Nobelprisen for. Han er òg ein av berre to som har motteke to prisar i ulike felt (kjemi og fred) – den andre er Marie Curie (kjemi og fysikk) – og den einaste som har motteke to prisar utan å dela med andre.Dunitz, s. 222
Seinare i livet vart han ein aktivist for regelmessig inntak av massive dosar med vitamin C, ein praksis som ikkje har fått innpass i medisinsk praksis, men som har vorte sentral innanfor den alternative behandlingsforma ortomolekylær medisin (nærskyldt med kosthaldsmedisin). Han meinte blant anna at vitamin C kunne hjelpa mot forkjøling og at større inntak av vitaminet ville føra til ein livsforlengande effekt, men begge delar har seinare vorte attendevistw.
Prisar og utmerkingar (utval)
1931 – ACS Award in pure chemistry 1954 – Nobelprisen i kjemi 1962 – Nobels fredspris 1967 – Lenins fredspris
Verk av Linus Pauling
Pauling, L. A Lifelong Quest for Peace, A Dialogue with Daisaku Ikeda (Jones And Bartlett Publishers) ISBN 0-867-20278-5 Pauling, L. The Nature of the Chemical Bond (Cornell University Press) ISBN 0-8014-0333-2 Pauling, L., and Wilson, E. B. Introduction to Quantum Mechanics with Applications to Chemistry (Dover Publications) ISBN 0-486-64871-0 Cameron E. and Pauling, L. Cancer and Vitamin C: A Discussion of the Nature, Causes, Prevention, and Treatment of Cancer With Special Reference to the Value of Vitamin C (Camino Books) ISBN 0-940159-21-X Pauling, L. How to Live Longer and Feel Better (Avon Books) ISBN 0-380-70289-4 Pauling, L. Linus Pauling On Peace – A Scientist Speaks Out on Humanism and World Survival (Rising Star Press) ISBN 0-933670-03-6 Pauling, L. General Chemistry (Dover Publications) ISBN 0-486-65622-5 Pauling, L. A Lifelong Quest for Peace, A Dialogue with Daisaku Ikeda New Publication 2008 (I.B. Tauris) ISBN 978-1845118891 The Pauling Catalogue (Oregon State University Libraries) ISBN 0-9629082-3-1
Kjelder
Bibliografi
Denne artikkelen bygger på «Linus Pauling» frå , og «Linus Pauling» frå den 23. september 2019.
Kategori:Nobelprisen i kjemi Kategori:Vinnarar av Nobels fredspris Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:USA-amerikanske kjemikarar Kategori:Døde i 1994 Kategori:Fødde i 1901 Kategori:Fødde den 28. februar Kategori:Sider utan gjennomgåtte omsetjingar