thumb|Under oppføring våren 2017 Teglen, Spikkestad kyrkje- og kultursenter er eit fleirbrukshus like vest for Spikkestad stasjon i Røyken kommune i Buskerud.
Huset inneheld kyrkje, livssynsnøytrale seremonirom og kulturhus med kafé i tillegg til kontor for kyrkjeadministrasjonen. Kyrkja vart vigsla 27. mai 2018. Bygget fekk utmerkinga Betongtavlen i 2019.
Kyrkja har orgel frå Ålems orgelverkstad.
Det er ikkje kyrkjegard på staden. Kyrkjegarden ved Røyken kyrkje vert framleis nytta for soknet.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Røyken kommune: Kirke- og kulturbygg Røyken kyrkjelege fellesråd: Bilete frå byggjeprosessen
Kategori:Kyrkjer i Asker Kategori:Norske kyrkjer frå 2018 Kategori:Kyrkjer i Lier prosti Kategori:Betongtavlen