Nikoleta Kyriakopoulou () er ein gresk stavhoppar frå Aten. Ho vann bronsemedaljen i øvinga ved europameisterskapen 2012 og i verdsmeisterskapen 2015, i 2018 tok ho sølvmedaljen i EM.
Aktiv I 2009 sigra Kyriakopoulou i stavhopp då mellomhavsleikane fann stad i Pescara på ny personbeste 4,50 meter. Gjennom 2011-sesongen hadde ho fin framgang og forbetra seg til 4,71 m ved eit stemne i London. Året etter tok ho bronsemedaljen ved europameisterskapen i Helsinki. Den 4. juli 2015 sette ho personleg rekord med 4,83 meter ved eit stemne i Paris, nokre veker etter klarte ho 4,80 m i Beijing-VM og vann bronsen bakom Yarisley Silva (4,90 m) og Fabiana Murer (4,85 m). Under EM 2018 i Berlin hoppa Kyriakopoulou på ny 4,80 m og syrgde for gresk dobbeltsiger ettersom landskvinna Ekateríni Stefanídi vann gull.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2008 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (4,15 m=nr 27) VM 2009 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa (4,40 m=nr 19) EM 2010 i Barcelona: Utslått i kvalifiseringa (4,25 m=nr 13) VM 2011 i Daegu: Nr 8 – 4,65 m EM 2012 i Helsinki: Bronsemedalje – 4,60 m OL 2012 i London: Utslått i kvalifiseringa (4,25 m=nr 19) VM 2013 i Moskva: Utslått i kvalifiseringa (4,45 m=nr 13) EM 2014 i Zürich: Nr 7 – 4,35 m VM 2015 i Beijing: Bronsemedalje – 4,80 m EM 2016 i Amsterdam: Nr 4 – 4,55 m EM 2018 i Berlin: Sølvmedalje – 4,80 m, bakom Ekateríni Stefanídi (4,85 m) VM 2019 i Doha: Nr 13 – 4,50 m OL i 2021 i Tokyo: Nr 8 – 4,50 m VM 2022 i Eugene: Utslått i kvalifiseringa (4,35 m=nr 24)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nikoleta Kyriakopoulou» frå , den 6. oktober 2019. Denne artikkelen bygger på «Nikoleta Kyriakopoulou» frå , den 28. september 2019.
World Athletics
Kategori:Greske stavhopparar Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020