Ilja Jurjevitsj Sjkurenjov () er ein russisk friidrettsutøvar i mangekamp. Han har i tida 2012-18 vunne ein sølvmedalje og to bronsemedaljar i tikamp.

Aktiv Sjkurenjov presterte 8 219 poeng og personbeste då han vann bronsen i tikampen ved EM 2012 i Helsinki. Personbeste gjorde han også då han med 8 498 poeng vann ein ny EM-bronse i Zürich i 2014. Året etter pressa han sitt personbeste til 8 538 poeng ved VM i Beijing og vart fjerdemann i tevlinga.

Sjkurenjov deltok ikkje i Sommar-OL 2016 då dei russiske friidrettsutøvarane var utestengde frå leikane. Sommaren 2017 sette han personleg tikamprekord med di han oppnådde 8 601 poeng under eit stemne i Smolensk. Med årsbeste lukkast han vinne sølv då EM 2018 fann stad i Berlin. Under verdsmeisterskapen i Doha i 2019 enda han som i VM 2015 på fjerdeplass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2012 i Helsinki: Bronsemedalje – 8 219 poeng OL 2012 i London: Nr 16 – 7 948 poeng VM 2013 i Moskva: Nr 8 – 8 370 poeng EM 2014 i Zürich: Bronsemedalje – 8 498 poeng VM 2015 i Beijing: Nr 4 – 8 538 poeng VM 2017 i London: Braut etter seks øvingar EM 2018 i Berlin: Sølvmedalje – 8 321 poeng, bakom Arthur Abele (8 431 poeng) VM 2019 i Doha: Nr 4 – 8 494 poeng

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Ilja Jurjewitsch Schkurenjow» frå , den 7. oktober 2019. Denne artikkelen bygger på «Ilya Shkurenyov» frå , den 7. oktober 2019.

World Athletics

Kategori:Russiske mangekjemparar Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Deltakarar for ROC under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020