Thomas Babington Macaulay () var ein britisk historikar, politikar og skribent. Han var krigsminister frå 1839 til 1841, og Paymaster General frå 1846 til 1848.

Macaulay sitt ry bygde på fembandsverket History of England, eit arbeid som kom ut i tida 1849-61. Verket tek føre seg perioden 1688–1702, og sikra han plass som ein av grunnleggjarane av det englendarane kalla ei whig-tolking av den nasjonale historia. Elles gav han mellom anna ut det lyriske verket Lays of Ancient Rome i 1842, medan han i samtida òg var kjend som essayist.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Thomas Babington Macaulay» frå , den 8. oktober 2019.

Kategori:Britiske historikarar Kategori:Britiske politikarar Kategori:Britiske forfattarar