Malin Ewerlöf () er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar frå Gävle. Ho vann sølvmedaljen på 800-meteren under Friidretts-EM 1998 i Budapest.
Aktiv Ewerlöf sprang inn til siger i juniorklassa både i VM i terrengløp 1989 og på 1500 meter ved EM 1991. Ho lukkast ikkje ta seg til meisterskapsfinale i seniortevling før 1997. Den sommaren sette ho personleg rekord på 1500 meter med 4.05,4 ved eit stemne i Luzern. Under verdsmeisterskapen 1997 i Aten enda ho på tiandeplassen på distansen. Ved europameisterskapen 1998 i Budapest sette Ewerlöf med tida 1.59,44 svensk rekord i semifinalane. I finalen overraska ho med å ta sølvmedaljen, over sekundet bak den suverene vinnaren frå Russland.
Perioden 1990-99 vann Ewerlöf 1500-meteren i sju svenske meisterskap og 800-meteren i seks. Ho sikra seg elles fire SM-gull i terrengløp og sigra i 2005 i SM i maratonløping.
Medalje og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1994 i Helsinki: Utslått i semifinalane på 800 m (2.02,28=nr 15) VM 1995 i Göteborg: Utslått i forsøka på 800 m (2.02,28=nr 23) OL 1996 i Atlanta: Utslått i kvalifiseringa på 1500 m (4.13,8=nr 18) og i forsøka på 800 m (2.01,61=nr 22) VM 1997 i Aten: Nr 10 på 1500 m – 4.08,6 EM 1998 i Budapest: Sølvmedalje på 800 m – 1.59,61, bakom Jelena Afanasjeva (1.58,50) VM 1999 i Sevilla: Utslått i kvalifiseringa på 1500 m (4.07,6=nr 18)
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Malin Ewerlöf» frå , den 20. oktober 2019.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Svenske mellomdistanseløparar Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996