Trevor John Francis () var ein engelsk fotballspelar frå Plymouth. Angrepsspelaren varr særleg kjend for sin mange sesongar med Birmingham City og sine triumfar med Nottingham Forest. Han var med å vinne Europacupen i fotball både i 1979 og 1980.

Karriere Klubbspel Francis slo gjennom med andredivisjonslaget Birmingham City då han var 16 år gammal. I 1972 var han sterkt delaktig då klubben rykte opp i toppdivisjonen. I februar 1979 vart han overført til topplaget Nottingham Forest mot 1,15 millionar pund, den gongen det klart største vederlaget for ein britisk spelar. Den 30. mai 1979 vart han matchvinnar då han i finalen i europacupen i München skåra kampens einaste mål. Året etter ytte han sitt til at Nottingham Forest forsvarte europacuptriumfen, ein skade gjorde at han måtte sjå finalen frå sidelinja.

Frå hausten 1981 til han la opp ved utgangen 1993 var Francis innom sju ulike klubbar. Flest kampar fekk han med italienske Sampdoria, der han vart cupmeister i 1985, og med Sheffield Wednesday, sin siste klubb. I ein sesong med Rangers FC i skotsk klubbfotball vart han ligacupvinnar.

Landslagsspel Francis deltok i 52 landskampar frå debuten i februar 1977 til avskjeden i april 1986. I desse kampane skåra han 12 mål. Han spelte alle fem kampane til England under VM i fotball 1982 og skåra to av dei seks måla til England i turneringa.

Merittar Vinnar av Europacupen: 1979 og 1980 med Nottingham Forest Italiensk cupmeister: 1985 med Sampdoria Vinnar av den skotske ligacupen: 1987 med Rangers FC Vinnar av den engelske ligacupen: 1991 med Sheffield Wednesday Finalist i den engelske ligacupen: 1980 med Nottingham Forest

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Trevor Francis» frå , den 24. oktober 2019. eu-football

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Birmingham-spelarar Kategori:Nottingham Forest-spelarar Kategori:Sheffield Wednesday-spelarar Kategori:Sampdoria-spelarar Kategori:Queens Park Rangers-spelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Atalanta-spelarar Kategori:Rangers-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1982 Kategori:Folk frå Plymouth