Kondominium (av latin con-dominium, «felles eigedom», òg kondominat) refererer til at fleire statar styrer over eit felles område. Området i seg sjølv har nemninga kondominium.
I historia finst ei rekkje eksemplar på kondominium, men slike forvaltingar viste seg ofte å vere ustabile, og dei fleste kondominium enda under styret åt ein enkelt stat.
Historiske kondominium Kypros var i over 300 år delt mellom den bysantinske keisar og kalifen. Schleswig-Holstein var preussisk og austerriksk kondominium frå 1864 til 1866. Sudan var fram til 1956 britisk-egyptisk kondominium. Det nøytrale Moresnet var frå 1816 til 1919 eit prøyssisk (seinare tysk) og nederlandsk (seinare belgisk) kondominium. Bosnia-Hercegovina var frå 1908 eit austerriksk-ungarsk kondominium (Austerrike-Ungarn bestod av to separate statar, som forvalta dette området i fellesskap). Etter fransk rett blei Andorra lenge sett på som eit fransk-spansk kondominium, men det er nå vanlegare å rekne det som medfyrstedømme. Ny-Hebridane (i dag Vanuatu) var fram til 1980 under felles britisk og fransk styre. Den britiske regjeringa foreslo i 2001 å dele suvereniteten over Gibraltar med Spania, men det blei avvist av folket i Gibraltar i ei folkeavstemming i 2002.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kondominium» frå , den 21. juni 2006.
Kategori:Folkerett Kategori:Styresett Kategori:Ord av latinsk opphav