Blind Dog at St. Dunstans er det sjuande studioalbumet til Canterbury scene-bandet Caravan, utgjeve 23. april 1976.
Albumet har ein lettare stil enn dei tidlegare utgjevingane til Caravan, og syner eit skifte mot kortare og meir popaktige songar. Dette kom av at Pye Hastings dominerte meir på albumet. Han skreiv og song åtte av ni songar. I tillegg erstatta Jan Schelhaas Dave Sinclair på klaverinstrument, og dei gjekk bort frå lange, orgelbaserte instrumentalar mot meir piano og synthesizer.
Både tittelen og plateomslaget har fleire element som er knytte til Canterbury. St. Dunstan var erkebiskop i Canterbury.
Mottaking
AllMusic skildra albumet som «ei stor vending til det verre» og sa at albumet var skadeleg for karrieren til Caravan.
Innhald Alle songar av Pye Hastings, utanom der andre er nemnde.
Side ein
Side to
Medverkande Caravan Pye Hastings – vokal (spor 1, 3-9); elektrisk og akustisk gitar Geoffrey Richardson – bratsj, elektrisk gitar, tverrfløyte, nattskiftfløyte Jan Schelhaas – klaverinstrument Mike Wedgwood – vokal (spor 2); bassgitar, conga Richard Coughlan – trommer
Andre medverkande Jimmy Hastings – fløyte, altsaksofon, tenorsaksofon, klarinett David Hitchcock – produsent Chanter Sisters – korvokalist, korvokal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Blind Dog at St. Dunstans» frå , den 28. oktober 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Caravan-album Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:Arista Records-album Kategori:Album produserte av Dave Hitchcock