mini|Skodespelarar med manusark og utstyr for lydeffekter i eit radiostudio i Nederland i 1949. Høyrespel er dramatikk laga ved hjelp av lyd, og er særleg blitt brukt i radio.

mini|venstre|Frå arbeidet med høyrespel for tysk undervisingsradio i Berlin hausten 1946. Lydbandopptaka med prøvesendinga av høyrespelet blir avsplt for deltakarane i regirommet. mini|Arbeid i mikse- eller kontrollrommet under ein høyrespelproduksjon i Berlin i 1946. Lydteknikarane legg på lydkulisser og -effektar.

Utgangspunktet er ein dramatisk tekst som kan vera spesialskriven for radiomediet eller tilrettelagd frå eit sceneskodespel. På grunnlag av denne teksten vil ein regissør og ein lyddesignar saman med skodespelarar spela inn replikkar og eventuelt lydeffektar. Deretter følgjer ein periode med redigering der det blir lagt til klangar, lydkulisser og spesialeffektar.

Høyrespel er dyr radio men billig dramatikk. Dei er enklare å produsere enn både teater og film. Høyrespelet kombinerer dei litterære kvalitetane til teateret med klippehastigheiten frå film. I tillegg har høyrespel-mediet moglegheiter som film og teater ikkje har, ikkje minst i utforskinga av parallelle tids- og røyndomslag.

I Noreg har særleg NRK Radioteatret produsert høyrespel.

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Hørespill» frå , den 29. oktober 2019.

Bakgrunnsstoff

Norske høyrespel

Kriminalhørespill og serier i Radioteatret 1951-2004 Kriminalhørespill i Radioteatret 1952-2005 NRKS P2-teatrets hørespillarkiv 1930-2001 Førjulshørespillet "Koks i lasten" fra 5080-Bloggen

Utanlandske høyrespel

Radiospil i Danmarks Radio Radioteatern i Sveriges Radio Dagens program på den britiske hørespillkanalen BBC Radio 7

Kategori:Drama Kategori:Litteratursjangrar