mini|Dette briochetbrødet, liksom mange andre brødsortar, får sin gyllenbrune farge frå maillardreaksjonen. Maillardreaksjonen er ein kjemisk reaksjon som oppstår mellom aminosyrer og reduserande sukker i ulike bakverk og annan mat. Denne gir maten ein karakteristisk brun eller mørk farge og markant smak. Reaksjonen er ein ikkje-enzymatisk bruningsreaksjon som tek til ved høg temperatur, typisk ved 140–160 grader celsius. Høgare temperatur fører til bruning av sukkeret, og kan etter kvart gjera maten brent.

Reaksjonen er namnsett etter Louis-Camille Maillard, som skildra denne i 1912.

Døme i mat Døme på mat som ofte er prega av maillardreaksjonen er Steikt eller grilla kjøt Steikt eller rista lauk Malta bygg Brød, kjeks, pai og anna bakverk Brente kaffibønner og kakaobønner Pommes frites Rista peanøtter Mørk sjokolade Marshmallows Dulce de leche

Sjå òg Akrylamid, eit svært giftig og potensielt kreftframkallande stoff som kan oppstå når ein utset poteter eller annan stiverik mat for høg varme. Karamellisering, ein liknande reaksjon som skjer ved oppvarming av sukker (men som til skilnad frå maillardreaksjonen ikkje involverer aminosyrer).

Galleri

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Maillard reaction» frå , den 30. oktober 2019.

Kategori:Kjemiske reaksjonar Kategori:Matkjemi