United Nations Global Compact (UNGC) er eit FN-initiativ for berekraftig næringsliv og det største verksemdsinitiativet for berekraft i verda. Generalsekretæren i FN, Kofi Annan, kunngjorde UN Global Compact under World Economic Forum i 1999. Initiativet vart formelt lansert i New York i 2000. Det har meir enn lemer frå meir enn 160 land. Rundt av lemene er verksemder, og dei resterende er skipnadar og akademiske innretningar. UNGC sitt framtidssyn er å vera ei verdsfemnande rørsle av verksemder som medverkar til berekraftig business og ei framtid for alle.

UN Global Compact er bygt på ti prinsipp som alle verksemder og skipnadar bør fylgja. Ved å vera med i Global Compact kommuniserer verksemder og andre lemer at dei gjer sitt beste for å drive sin verksemd i tråd med dei ti prinsippa.  

To hovudmålsettingar

Gjera dei ti prinsippa til ein del av forretningsverksemda i verksemder over heile verda. Fremme aktiviteter og partnerskap som medverkar til å innfri FN-måla om ei berekraftig utvikling.

UNGC har to hovudmålsettingar. For det fyrste skal initiativet medverka til at lemsverksemdene tek ansvar for fotavtrykket og do-no-harm-agendaen i eiga verdikjede. For det andre er det heilt avgjerande at verksemdene kan gjera verda sine utfordringar til forretningsmoglegheiter. Saman med lemsverksemdene jobber UN Global Compact for å identifisere og inspirere til konkrete løysingar for eit berekraftig næringsliv og ei berekraftig fremtid. Alle lemer rapporterer årleg på berekraftsmålene og UNGC sine 10 prinsipp innen menneskerettar, arbeidsrettar, klima- og miljø og antikorrupsjon. 

UN Global Compact Noreg UN Global Compact opna noregskontor i september 2019. Kim Noguera Gabrielli er UN Global Compact Noreg sin fyrste direktør og Wenche Grønnbrekk frå Cermaq styret sin fyrste leiar. meir enn 122 norske verksemder er med i det norske nettverket.  

Det norske styret vart oppretta i oktober 2018. Før det hadde NHO organisert aktiviteten i Noreg som ein del av eit nordisk Global Compact nettverk. I styret sitter blant anna Innovasjon Noreg, SINTEF og NHO, og majoriteten av styrelemene representerer lemsverksemder.  

Dei ti prinsippa Global Compact sine ti prinsipp er delt opp i fire hovudgrupper. Desse er menneskerettar, arbeidsrettar, miljø og antikorrupsjon. Menneskerettighetsprinsippet stammer frå FN si menneskrettsfråsegn frå 1948. Arbeidstakerrettighetene har bakgrunn i ILO si fråsegn om grunnleggjande arbeidstakarrettar frå 1998. Miljødelen har bakgrunn i Agenda 21 frå Rio-konferansen i 1992. Antikorrupsjonsprinsippet har bakgrunn i FN sin konvensjon mot korrupsjon frå 1996.  

Menneskerettar Prinsipp 1: Verksemder skal støtta og respektere vern om internasjonalt godtekne menneskerettar,

Prinsipp 2: Sjå til at dei ikke medverkar til brudd på menneskerettane.

Standarder for arbeidslivet Prinsipp 3: verksemder skal halde skipnadsfridom i hevd og sikre at retten til å føre kollektive forhandlingar anerkjennes i praksis,

Prinsipp 4: Sikre at alle former for tvangsarbeid vert avskaffa,

Prinsipp 5: Sikre at barnearbeid reelt vert avskaffa, og

Prinsipp 6: Sikre at diskriminering i arbeidslivet vert avskaffa.

Miljø Prinsipp 7: Verksemder skal støtta ein føre-var-tilnærming til miljøutfordringar,

Prinsipp 8: Taka initiativ til fremme av økt miljøansvar, og

Prinsipp 9: Oppmuntre til utvikling og spreiing av miljøvennleg teknologi.

Anti-korrupsjon Prinsipp 10: Verksemder skal kjempe imot eikor form for korrupsjon, herunder utpressing og muter.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «United Nations Global Compact» frå , den 3. november 2019.

Bakgrunnsstoff

Kategori:SN