Harbour of Tears er det tolvte studioalbumet til den engelske progressive rockegruppa Camel, utgjeve i januar 1996. Det er eit konseptalbum som fortel soga om ein irsk familie som på smertefullt vi vert skild frå kvarandre då dei unge i familien dreg til USA på leit etter ei betre framtid.
Bakgrunn
Vokalisten og gitaristen i bandet, Andrew Latimer, fekk vite at det siste familien til bestemora hans fekk sjå av Irland var Cóbh Harbour, ei djupvasshamn der tusenvis av familiar hadde vitna sønene og døtrene sine dra til Amerika. Derfor fekk albumet tittelen som ofte vart nytta som eit synonym for hamna, Harbour of Tears eller «Tårehamna».
Innhald
Medverkande Andy Latimer – gitar, fløyte, klaverinstrument, vokal, tinnfløyte Colin Bass – bassgitar, korvokal Mickey Simmonds – klaverinstrument
Andre medverkande John Xepoleas – trommer David Paton – bass, solovokal på «Send Home the Slates» Mae McKenna – acapella vokal på «Irish Air» Neil Panton – obo, sopransaksofon, harmonium Barry Phillips – cello John Burton – valthorn Karen Bentley – fiolin Anita Stoneham – fiolin
Teknisk Miksa av Andy Latimer og Colin Bass Design av Jon Storey
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Harbour of Tears» frå , den 11. november 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1996 Kategori:Camel-album Kategori:Konseptalbum