National Health var ei engelsk progressiv rockegruppe frå Canterbury scene. Ho vart skipa i 1975 og bestod av medlemmane frå klaverspelaren Dave Stewart sitt band, Hatfield and the North og Alan Gowen sitt Gilgamesh, inkludert gitaristane Phil Miller og Phil Lee og bassisten Mont Campbell som originale medlemmar. Bandet vart kalla opp etter Stewart sine National Health-briller. Bill Bruford (tidlegare i Yes og King Crimson) var den første tromeslagaren, men vart etter kort tid erstatta av Pip Pyle. Campbell vart erstatta av Neil Murray og så John Greaves. Alan Gowen slutta å spele med gruppa etter det første albumet deira, men kom attende for den siste turneen deira då han erstatta Dave Stewart som slutta etter det andre albumet. Gitaristen Phil Miller var det einaste medlemmet i National Health som var med heile vegen.
Besetninga endra seg ofte, dei turnerte mykje og gav ut det første albumet sitt, National Health i 1978. Sjølv om det vart skapt medan punkrock slo gjennom for fullt, er albumet prega av lange, hovudsakleg instrumentale stykke. Den andre plata deira, Of Queues and Cures, med Peter Blegvad (resitasjon på «Squarer for Maud») og Georgie Born (cello), vert rekna som ein av dei beste platene gjennom tidene på nettsida Gnosis.the Gnosis search facility Etter Gown døydde i mai 1981, kom Stewart attende i gruppa for å spele inn D.S. Al Coda, ei samling av komposisjonar av Gowen, som stort sett ikkje var spelte inn før.
Introen til National Health sin «Binoculars» vart sampla av det amerikanske rockebandet Deftones på Black Moon.
Diskografi Studioalbum National Health (1978) Of Queues and Cures (1978) D.S. Al Coda (1982)
Filmar 2015: Romantic Warriors III: Canterbury Tales (DVD)
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «National Health» frå , den 14. november 2019. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff National Health på Progarchives
Kategori:Canterbury scene Kategori:Britiske progrockband Kategori:Jazzfusion-grupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1975 Kategori:Musikkgrupper oppløysta i 1981