mini|Kain drep Abel. Illustrasjon frå 1400-talet.

Abel er eit namn som kan vera både førenamn og etternamn og brukast av både menn og kvinner. Det har stor utbreiing på grunn av sitt hovudsakleg bibelske opphav.

Mannsnamnet Abel (gjennom gresk frå hebr. הֶֽבֶל [heḇel]) tyder andedrag eller vindpust, og kjem frå den bibelske personen Abel. Abel var andre sonen til Adam og Eva og vart drepen av bror sin, Kain. I kristen tradisjon såg ein han som eit bilete på uskuldig liding, noko som kunne minna om Jesus, og namnet vart derfor svært mykje brukt av kristne. Førenamnet Abel har ikkje norsk namnedag, men vert feira den 30. desember i Sverige.

Kvinnenamnet Abel er truleg ei forkorting av det greske namnet Abelone, som igjen kan tyda dotter av Abel. Det er noko brukt i Danmark, men svært uvanleg i Noreg.

Etternamnet Abel er mest utbreidd som tysk og askenasisk-jødisk etternamn. Det har fleire opphav — vanlegast er opphavet i mannsnamnet Abel, men i ein del fall heng namnet saman med lokale stadnamn; slik har det t.d. vorte føreslege at den norske slekta Abel kan ha namnet sitt frå byen Abild i Tønder kommune i Sønderjyllands len i Danmark.

Abel eller Abild har vidare gått inn som etternamn, anten åleine eller i gardsnamn, som Abelseth og Abildgaard.

Namneberarar mini|Abel Tasman. Kjende berarar av førenamnet «Abel» Kong Abel av Danmark, konge 1250–1252. Om kong Abel er det sagt: «Abel af navn, Kain af gavn.» Abel Tasman, nederlandsk oppdagar

Kjende namneberarar av etternamnet «Abel» Adolf Abel (1882–1968), tysk arkitekt Carl Friedrich Abel (1723–1787), tysk gambespelar og komponist Frederick Augustus Abel, kemikar John Jacob Abel (1857–1938), amerikanisk biokemikar Morten Abel, norsk songar (kunstnarnamn for Morten Abel Knutsen) Niels Henrik Abel (1802–1829), norsk matematikar Othenio Abel (1875–1946), austerriksk paleontolog Rudolf Ivanovitsj Abel (1903–1971), sovjetisk agent Thomas Abel (ca 1497–1540), engelsk prest og martyr Tom Abel (1970– ), tysk astrofysikar og kosmolog

Kjende namneberarar av etternamnet «von Abel» Jakob Friedrich von Abel (1751–1829), tysk filosof Karl von Abel (1788–1859), tysk politikar

Bakgrunnsstoff

kategori:mannsnamn kategori:kvinnenamn kategori:førenamn av hebraisk opphav kategori:slektsnamn av hebraisk opphav kategori:danske slektsnamn