Michael John Gilmour Howlett () er ein fijiansk musikar og prisvinnande produsent og lærar med base i Storbritannia og Australia.

Seint i 1960-åra var Howlett bassist i det australske popbandet The Affair. Gruppa reiste til England etterr rå ha vunne Hoadley's Battle of the Sounds og Howlett slo seg ned i London. I 1973 vart han med i den britiske progressiv rock-gruppa Gong, der han vart verande til 1977.

Etter Gong skipa Howlett det kortvarige bandet Strontium 90, som bestod av han sjølv, Sting, Stewart Copeland og Andy Summers. Howlett var frontmann i bandet, som vart oppløyst då Summer slutta for å bli med Copeland og Sting i eit anna prosjekt, The Police.

Nokre månader etter Strontium 90 var oppløyst, fekk Howlett saman studiobandet The Radio Actors, med Gong-kompisen Steve Hillage på sologitar og Sting på solovokal.Williamson, Harry (1994). «Earthdate Summer 1977». In Nuclear Waste (pp.7) [CD booklet]. Durham: Voiceprint. Bandet gav berre ut ein singel, ,«Nuclear Waste» med «Digital Love», som kom ut på CD i 1995.

I 1980-åra vart Howlett ein etterspurt produsent. Han produserte mange hitsinglar og album for leiande new wave-artistar som A Flock of Seagulls, The Alarm, China Crisis, Martha & the Muffins, Orchestral Manoeuvres in the Dark, Stephen Duffy, Gang of Four og Comsat Angels. Han produserte òg albumet Secret Secrets for Joan Armatrading i 1985.

Howlet var stundom med i Gong på ymse konsertar kring i verda. I 1993 starta han sitt eige plateselskap, Mauve, som gav ut album av Rafa Russo, Debbie Cassell og Jay Fisher. Frå 2005 til 2009 var Howlett styreformann i The Music Producers Guild (MPG).

Howlett tok doktorgrad i musikkproduksjon i 2009 og har halde foredrag i musikkteknologi ved fleire universitet. I 2009 vart han leiar for musikkavdelinga til Queensland University of Technology i Brisbane i Australia.

Produsent

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Mike Howlett» frå , den 17. november 2019. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Tilsette ved University of West London Kategori:Tilsette ved Queensland University of Technology Kategori:Elevar ved University of Glamorgan Kategori:Fijianske plateprodusentar Kategori:The Police Kategori:Folk frå Lautoka Kategori:Fijianske musikarar Kategori:Gong-medlemmar Kategori:Strontium 90-medlemmar Kategori:The Affair-medlemmar