mini|Tiniklingdansarar Tinikling er ein filippinsk folkedans. Dansen går føre seg ved at to personar held i to tjukke bambusrøyr. Desse blir haldne like over bakken og slått mot kvarande og mot bakken. Dansarane utfører trinna sine over og kring bambusrøyra medan dei blir flytta.
mini|Bandrikse (Gallirallus philippensis), ein av fuglane kjende som tikling på Filippinane. Namnet «tinikling» tyder bokstavelg 'å opptre som ein tikling', og viser til fuglen tikling. Dette er eit lokalt namn fleire fuglar i riksefamilien – Gallirallus striatus, Gallirallus philippensis og Gallirallus torquatus. Fuglane er kjende for å vera lette på foten medan dei går over grasstrå og tregreiner og kjem seg unna bambusfellene til risbøndene. Dansarane imiterer dei grasiøse rørslene til fuglen ved å manøvrera mellom store bambuspålar.
Dansen skal ha oppstått som ein imitasjon av tikling-fuglen på øya Leyte sentralt i landet. Folkedansen blir i dag også brukt til oppvising knytt til filippinsk kultur, til dømes i samband med den filippinske sjølvstendedagen. Han blir også mykje brukt i grunnskular, ettersom han er ei fysisk øving som krev liknande koordinasjon som til dømes hoppetau.
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Tinikling» frå , og «Tinikling» frå den 18. november 2019.
Kategori:Dansar Kategori:Folkedans Kategori:Filippinsk kultur