Steinar Aas () er ein norsk professor i historie tilsett ved Nord universitet i Bodø. Aas har særleg arbeidd med moderne norsk byhistorie, og har skrive eit bind av Narviks historie (2001), Byen, banen og bolaget 1902-1950 ( Narviks historie bind 1]) og tredje bind i Bodøs historie, Forvandlinga.
Aas var mange år tilsett i administrativ stilling ved det Samfunnsvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Tromsø (frå 1993-98 og 2001-2009), der han òg hadde utdanninga si frå. Han har hatt ei rekkje styreverv i ulike organisasjonar som Fortidsminneforeningen, Nynorsklaget og litteraturfestivalen Det Vilde Ord. Frå 2009 til 2018 var han òg styremedlem i Narviksenteret - «Nordnorsk stiftelse for historieformidling menneskerettar og fredsbygging».
Monografiar og bøker Narviks historie. Bind 1 1902-1950. Byen, banen og bolaget. Narvik: Stiftelsen Narviks historieverk 2001, 555 s. (Bokmål) Tragedien Umberto Nobile. Helt eller svikar?, Det Norske Samlaget 2002, 195 s. (Nynorsk) Å eg minnest". Regionbyggere i hovedstaden. Nordlændingernes Forening 1862-2012, Orkana Forlag 2012, 319 s. (Bokmål) Forvandlinga. Bodøs historie 1890-1950, Fagbokforlaget 2014, 575 s. (Bokmål)
Utvalde artiklar «Konstruksjon av byfellesskap og byidentitet - om identitetsskaping i lokalhistoria»,. Heimen - Lokal og regional historie 2001 ;Volum 38. «One Man's Foolishness Led to the Death of 14 Men. Norwegian Reactions to Umberto Nobile and the "Italia" Disaster». Acta Borealia 2003 ;Volum 2. s. 169-194 «"En stor teknisk landvinning" for hele Nord-Norge.» I I spissen for utviklingen. Høyere utdanning i Narvik. Narvik: Høgskolen i Narvik 2005, s. 8-29 (Bokmål) «Minnepolitikk i endring - minnekulturen i og rundt Narvik 1940.» I Flerstemte minner. Hertervig Akademisk 2010, s. 71-96 (Bokmål) «Norwegian and Soviet/Russian World War II Memory Policy During the Cold War and the Post-Soviet Years.» Acta Borealia 2012 ;Volum 29.(2) s. 216-239 «Kvinnebyen Bodø før 1940.» I Politikk, profesjon og vekkelse. Kvinner i Norge på 1800- og 1900-tallet. Fagbokforlaget 2014, s. 111-139 (Nynorsk) «Gjenreisningsbyen Bodø. Ein omstridt byplan sosialdemokratiet gjorde til sin.» I Årbok - Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring 2015 s. 165-184 (Nynorsk)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Bodø Kategori:Professorar ved Nord universitet Kategori:Norske historieprofessorar Kategori:Nynorsk i Nord-Noreg