Together er det åttande studioalbumet til det nederlandske rockebandet Golden Earring, gjeve ut i 1972. Albumet kom ikkje ut i USA, men nådde femteplassen på den nederlandske albumlista.
Albumet vart spelt inn i Island Studios i London i løpet av dei to første vekene av mars 1972.
Mottaking Allmusic skreiv om albumet: «Together representerer eit viktig steg framover for Golden Earring. I motsetnad til dei tidlegare utgjevingane deira er ikkje songane her anten rein rock eller progressiv, men i staden er det vanskeleg å sjå skiljelinjene mellom kvar sjanger, som gjev songane sin eigen unike smak. Arrangementa er stramme og vanlegvis er det meir enn eit fengjande hook. Resultatet er det første verkeleg konsistente albumet deira. Det negative med Together er at sjølv om songane alle er solide og arrangementa er interessante, er dei noko mindre eventyrlystne enn på tidlegare album. Resultatet er at songane aldri klarar å nå dei maniske høgdene til tidlegare klassikarar.»
Innhald Alle songane er skrivne av Kooymans utanom der andre er nemnde.
Medverkande George Kooymans - gitar, vokal Rinus Gerritsen - bassgitar, klaverinstrument Barry Hay - fløyte, gitar, saksofon, vokal Cesar Zuiderwijk - trommer
Production Produsent: Fred Haayen Lydteknikar: Frank Owen Mastering: Hans Brethouwer Fotografi: Frits Van Swoll
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Together (Golden Earring album)» frå , og «Together (Golden Earring)» frå den 24. november 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Golden Earring-album Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Polydor Records-album