mini|Skrømt i A Christmas Carol, illustrasjon til 1900-utgåva. Julegrøss er ein tradisjon med å formidla skumle forteljingar i tilknyting til jula. Skikken er utbreidd i den engelsktalande verda.
Forteljingar om gjengangarar og overnaturlege har lenge vore knytt til jula i engelsk tradisjon. I viktoriatida gav ei rekkje forfattarar ut slike forteljingar. Nokre av dei hadde juletema, som Eit juleeventyr av Charles Dickens frå 1843. Andre blei delte i jula, som i juleutgåver av bladet All the Year Round, gjeve ut av Dickens og med bidrag av mellom anna Elizabeth Gaskell og Wilkie Collins, og av M.R. James, som fortalde ei ny spøkelsesforteljing til utvalde gjestar kvar julaftan. Henry James si forteljing The Turn of the Screw frå 1898 har ei rammeforteljing som seier at det blir fortald på julaftan. Seinare blei det vanleg å senda dramatiseringar av slike forteljingar på britisk fjernsyn i jula, som i A Ghost Story for Christmas.
Skikken har alltid stått sterkare i Storbritanna enn i USA, men den amerikanske julesongen «It's the Most Wonderful Time of the Year» frå 1963 nemner «scary ghost stories» som ein tradisjon saman med «caroling out in the snow.» Det er også blitt laga fleire grøssarfilmar med juletema, som Black Christmas (fleire filmar), Gremlins (1984) og Krampus (2015).
Sjå òg Påskekrim Kjelder
Bakgrunnsstoff
Ghosts on the Nog. The great English tradition of Christmas ghost stories i The Paris Review 10 great Christmas horror films, bfi.org.uk
Grøss Kategori:Britisk kultur