Rike er ein kategori nytta i den biologiske systematikken. Eit rike omfattar ein eller fleire skylde rekkjer. Blant dei obligatoriske kategoriane er riket den høgaste, men nokre systematikarar samanfattar eitt eller fleire skylde rike som domene.
Likt andre kategoriar (med unnatak av arten) er det eit rent skjønsspørsmål kva gruppe ein vel å kalle eit rike. Av denne grunnen er svaret på spørsmålet om kor mange rike av organismar som finst vilkårleg.
Ulike systematikarar opererer med ulike system. Desse systema har stort sett mellom tre og tolv rike. I dag er systematikken derfor meir opptatt av slektskapen mellom organismane eller stamtre enn av kategoriar. Den følgjande tabellen over ulike system er derfor hovudsakleg av historisk interesse:
Linné (1758)To biologiske rike Haeckel (1894)Tre rike Sopp (1911)Tre rike Whittaker (1959)Fem rike Woese (1977)Seks rike Plantar Plantar Soppar Soppar Soppar Plantar Prokaryotar Bakteriar Arkebakteriar Plantar Plantar Protoktistar Protoktistar Dyr Protistar Dyr Dyr Dyr Dyr Mineral
Fem-rike-systemet er framleis nokså vanleg i lærebøker. Men alle fem systema er akkurat like rette eller gale, nettopp fordi utdelinga av kategorien «rike» er et skjøns- og ikkje noko vitskapeleg spørsmål. I samtlege system er dessutan minst eitt av rika ei kunstig gruppering. (Dette gjeld for nokre [tidlege] definisjonar av dyr, plantar og sopp, og for alle definisjonar av prokaryotar, protistar og protoktistar.)
Sjå òg biologisk liv
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rike (biologi)» frå , den 27. juni 2006.
Rike