DS «Senator Kruger» (kallesignal MDRP) var eit dampskip bygt i 1900 som lasteskip for Carl Tiede i Wismar i Tyskland.
Historie Skipet vart bygt ved Schömer & Jensen i Tønning i Slesvig i Tyskland og levert i 1900.
I 1907 hamna skipet hos norske eigarar då det vart kjøpt av Lauritz Kloster og selskapet D/S Smaragd. Skipet fekk då namnet «Smaragd». I juli 1911 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS), som gav det namnet «Draco». Her segla det dei neste tjue åra før det vart selt til Adolf Andersen i Bergen i januar 1930, som gav det namnet «Benedicte». I november 1932 vart det selt på tvangsauksjon til G.J. Steffensens Rederi A/S og nok ein gong fekk det nytt namn, denne gongen «Dusken». På reise mellom Danzig og Gent kantra skipet og sokk i Neufahrwasser den 15. september 1934. 11. oktober same året vart vraket kondemnert og seld for opphogging i Gdynia.
Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 429 brt, 239 nrt og lasteevna var 600 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 685 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tosylindra compound dampmaskin, levert av Schömer & Jensen. Oppgjeven yting var 210 iHk (indikerte hestekrefter) og 58 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 8 knop knop.
Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjelder
Kategori:Norske dampskip Kategori:Tyske dampskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:Tyske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde i Tyskland Kategori:Skip frå 1900 Kategori:Forlis i 1934 Kategori:Forlis i Austersjøen Kategori:Forlis i Polen