Nordre Follo er ein kommune i Akershus fylke. Kommunen grensar til Oslo i nord, Bunnefjorden og Ås i vest, Indre Østfold i søraust og Enebakk i aust.. Fri artikkel. Han er ein av dei folkerikaste i Noreg med innbyggjarar.

Kommunen vart danna den 1. januar 2020 gjennom samanslåing av Ski og Oppegård kommunar i tidlegare Akershus fylke.Lovdata. (12.12.2017). Forskrift om sammenslåing av Oppegård kommune og Ski kommune til Nordre Follo kommune, Akershus I samband med samanslåinga vart ein del av Ås kommune (Tandbergløkka) flytta til Nordre Follo.

Kommunevåpenet er eit sølvfarga havreaks på blå bakgrunn. Havreakset står for den rike jordbrukstradisjonen i området. Blåfargen står for himmel og vatn, som fjorden, sjøar og vassvegar.

Geografi Terrenget i Nordre Follo er småkupert og stort sett skogkledd med lausmassar i forsenkingane. Berggrunnen består av gneis som er del av det søraustnorske grunnfjellsområdet. Skimorenen er eit aust-vestgåande ra som dannar vasskiljet mellom vassdraga nordover til Gjersjøen/Bunnefjorden og Mossevassdraget (nedbørfeltet til Kråkstadelva).

Norddelen av kommunen, Oppegård, blir nesten delt i to av den nord–sørgåande Gjersjøen. I nordaust finst åsar på opptil 216 meter over havet og i vest når Svartskogplatået opp til 163 meter over havet. Sør og vest i kommunen er landskapet flatare og lågare, men den høgaste toppen i kommunen, Tømmerås på 313,1 moh., ligg likevel i sør.

Sør- og vestdelen av kommunen er dekka av store marine lausavsetningar, og dannar store jordbruksområde. Korndyrking er den viktigaste driftsforma.

Folkesetnad Nordre Follo er ein del av Stor-Oslo i Osloregionen. Folkesetnaden er konsentrert rundt bybandet langs jernbanen sørover frå Oslo. Østfoldbanen går aust for Gjersjøen gjennom Kolbotn, Langhus og så til administrasjonssenteret Ski.

Kjelder

Kategori:Kommunar i Akershus Kategori:Norske kommunar skipa i 2020