mini|Fosterhinner hjå amniotar. a - Foster b -Plommesekk c - Allantois d - Amnion e - Chorion Fosterhinner er membranar som omgjev eit foster i dyreriket under fosterutviklinga. Desse hinnene vil i liten grad bli en del av det ferdige individet. Den mest grunnleggjande hinna er chorion, som finst i egg frå alle virveldyr og dei fleste virvellause dyr. Plommesekken er omgjeven av ein egen membran som blir ein del av det vaksne fosteret hjå mange dyreartar ettersom fosteret veks rundt plomma. Hjå høgare virveldyr, amniotar, finst også hinna allantois, som samlar opp avfall frå tarmen under fosterutviklinga. Hjå morkakedyr er plommesekken og allantois erstatta av navlestrengen. Den viktigaste hinnen er amnion, som sørgjer for transport av oksygen til fosteret og karbondioksid bort frå egget.
Hjå morkakedyr vil allantois og chorion veksa saman og danna morkaka.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fosterhinne» frå , den 11. januar 2020.
Kategori:Embryologi Kategori:Anatomi